Posten skal fram!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 05.05.2010
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas kronikk om Posten, publisert i Haugesunds avis, 3. mai 2010.
Samferdsel skal vera med å binda landet saman. Det gjeld ikkje berre vegar, luftfart og jernbane, men i høgste grad også eit velfungerande postvesen i Noreg. Posttenestene er grunnleggjande infrastruktur som er særs viktig for at folk og bedrifter skal kommunisera godt med kvarandre
Det er lenge sidan hendinga i Seljestadjuvet i 1903 der postføraren Gunnar Turtveit vart teken av snøras. Etter tre dagar hadde alle avskrive han. Då kom mannen gåande heim - han hadde grave seg ut med posthornet sitt! I 2010 er mykje annleis, men også i dag er Posten særs viktig for landet vårt. Noreg er eit landstrakt land. Postgangen er med på å binda det saman. I Soria Moria II-erklæringa slår regjeringa fast at folk og næringsliv i heile landet framleis skal ha eit godt posttilbod, uansett kvar dei bur. Meininga er at folk skal møta postbodet kvar dag også i framtida. Folk skal kjenna seg trygge på at posten kjem raskt og trygt fram. Portoen skal vera lik over heile landet. Posten skal framleis vera eigd av staten.
Tidlegare i år var eg tilstades ved opninga av Østlandsterminalen, den nye hovudpostterminalen i landet. Her vil det bli sortert omlag tre millionar brevsendingar per dag. Det utgjer om lag halvparten av den samla postmengda i landet per dag. Då den gamle terminalen på Brevsenteret i Oslo stod ferdig i 1975 var postmengda på ein million sendingar. Det har altså skjedd ei tredobling dei siste tretti åra!
Samstundes har det vore ein kraftig nedgang i talet på brevsendingar det siste tiåret. Det skuldast overgang til nye elektroniske tenester og endra kundeåtferd. Post og logistikk er ei ekstremt konjunkturfølsam verksemd. Konjunkturnedgangen har påverka økonomien innan alle dei tre segmenta til Posten; post, logistikk og IT. 2008 og 2009 har difor vore svært utfordrande år for Posten. Effektivisering har vore naudsynt. Posten si leiing og alle tilsette viser stor vilje til å tilpassa seg både skiftande marknader og rivande teknologisk utvikling. Det er eg glad for! Samstundes veit eg at slike store omstillingar er krevjande for dei tilsette. Regjeringa si gjeninnføring av statleg kjøp av såkalla ulønsame tenester i statsbudsjetta 2009 og 2010 har i stor grad kompensert for inntektssvikten i posttenestene. Eg meiner det er viktig for tenestetilbodet at staten betalar for desse tenestene. Samstundes bør vi til ei kvar tid drøfta om posttenestene er slik dei bør vera.
Det har vore mykje snakk om det såkalla postdirektivet frå EU. Status der er at regjeringa ventar med å ta stilling til direktivet til vi har fått innhenta meir kunnskapar om korleis direktivet vil virka. Regjeringa har i Soria Moria II-erklæringa lova å leggja fram forslag til ny postlov. Samferdselsdepartementet har starta dette arbeidet. Der vil den overordna postpolitiske målsetjinga stå fast. Den nye postlova skal bidra til å sikra eit likeverdig tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Vi skal stilla krav om innsamlings-postkassar, faste ekspedisjonsstader og tal på omberingsdagar. Lova skal vidareføra ordninga med einskapsporto for einskiltbrev. Lovarbeidet er godt i gang, og lovforslaget vil bli lagt fram for Stortinget hausten 2010 eller våren 2011.
Det skjer med andre ord stadig noko på postfronten. Utviklinga er rivande! No blir det viktig å leggja til rette for eit likeverdig, moderne postomdelingssystem som fungerer effektivt og godt i den nye, digitale tidsalderen, der rammevilkåra for Posten vil vera meir krevjande enn tidlegare. Det krev politisk vilje. Det har den raudgrøne regjeringa vist at ho har.