Historisk arkiv

Råkøyring og alder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Avisinnlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, mellom anna publisert i Fjordenes Tidende 6. september 2010.

Eit tapt liv er eit for mykje uansett alder. Det er likevel eit stort samfunnsproblem at ungdom er sterkt overrepresenterte blant dei drepne i trafikken. Vi må alle vera klare over kva vi utset oss sjølve og andre for i trafikken. Om alle køyrer edru, held fartsgrensene og brukar belte, kan vi halvera talet på drepne og hardt skadde. Det er ein dugnad eg sterkt vil oppfordra alle om å vera med på. 

Medan ungdom utgjer 7 prosent av sjåførane, utgjer dei 25 prosent av dei trafikkdrepne. Desse tala inspirerer til innsats. Evalueringa av prikkbelastninga viser at ein sjåfør som har fått prikkar i førarkortet, reduserer farten. Eit av forslaga vi no vil fremja, er skjerpa prikkbelastning for førarar som har førarkort på prøve. Forslaget gjeld alle nye førarar, men dei fleste i denne gruppa er unge.

Råkøyring er like farleg uansett alder, seier mange. Det er eg samd i. Forslaget sikrar at alle blir behandla likt. Prikkbelastninga ein i dag får ved overskriding av fartsgrensene vert skjerpa. Førarkortet kan ryka om du vert stoppa meir enn ein gong og har eit førarkort nyare enn to år, altså på prøve. Denne innskjerpinga kan spara liv!

Rus er ofte medverkande årsak til trafikkulukker. I løpet av hausten ber Regjeringa Stortinget om støtte til fleire endringar i Vegtrafikklova. Eit av forslaga også her gjeld  personar med førarkort på prøve. Vi føreslår at det å køyra med mellom 0,2 og 0,5 promille i prøvetida skal føra til inndraging av førarkortet. I dag er reaksjonen bot. Også dette forslaget trur vi vil gjelda fleire unge enn eldre.

Eg har motteke ein omfattande handlingsplan for tryggleik. 152 tiltak skal gjennomførast på veg, køyretøy og overfor trafikanten. Planen er utarbeidd i samarbeid mellom Statens vegvesen, Politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet og Trygg Trafikk. Eg er oppteken av at den planen no skal følgjast opp. Viktigare enn alle planar i verda er likevel ansvaret kvar enkelt av oss tek for oss sjølve og kvarandre når vi ferdast i trafikken.