Historisk arkiv

Regjeringa satsar på kollektivtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Telemarksavisa 9. november 2010

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i mellom anna Telemarksavisa 9. november 2010.

2009 var året då 300-milionarsgrensa blei broten for talet på busspassasjerar. Det er 10 millionar meir enn året før. Denne utviklinga må halda fram!

Kollektivtrafikk reduserer klimautslepp og lokale utslepp, gjer kvardagen enklare for folk og sikrar betre framkome – tre svært gode ting på ei gong. Folketalet i byane veks, og det vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert på auka bilbruk. Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida.

Regjeringa satsar difor på kollektivtransport. Vi har auka overføringane til fylkeskommunane kraftig. Vi har løfta jernbaneinvesteringane. Vi har auka satsinga for å leggja til rette for bussar og trikkar. Det blir satsa langt meir på sykkeltiltak. Og vi har dobla belønningsordninga til dei største byområda – ei satsinga vi har varsla skal styrkast ytterlegare dei komande åra.

I Nasjonal transportplan 2010-2019 finst det dessutan ein eigen kollektivtransportstrategi. I 2011 har vi føreslått 12,1 milliardar til kollektivtransport over Samferdselsdepartementets budsjett. I tilegg kjem milliardbeløp over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport. Det blir satsa på kollektivtransport – mykje bra er på gang!