Historisk arkiv

Satsar på veg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

13. februar 2010, Haugesunds Avis

Innlegg av sameferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert 13. februar 2010, mellom anna i Haugesunds Avis og Avisa Valdres.

Fleire aviser slår denne veka stort opp at Norge er blant dei landa der trafikken mellom storbyane går tregast.

Noko kan sikkert forklarast med naturgitte tilhøve. Norge er eit langstrakt land, ligg langt mot nord og har mange fjordar og fjell. Det gir andre køyreforhold enn i flate land lenger sør. Vi har også spreidd busetnad og av omsyn til folk og næringsliv i distrikta er det viktig å ta vare på heile vegnettet.

Når alt dette er sagt, er det likevel ingen tvil om at det gjennom mange år er brukt
for lite pengar på veg i dette landet. Det har endra seg dei siste fire åra. Liv Signe Navarsete fekk regjeringa med på å auka samferdselsbudsjettet med ni milliardar kroner. Vi har lagt fram ein ambisiøs Nasjonal transportplan for dei neste ti åra som blant anna vil gje innsparingar i reisetida på 30-35 minutt mellom dei største byane.

Mellom Stavanger og Trondheim blir innsparinga ein heil time.Vi satsar på vegane våre! Det gjeld både investeringar og drift- og vedlikehald.