Historisk arkiv

Tale - Ferdaminnejubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale i høve "Ferdaminnejubileum", Oslo S, 13. juni 2010.

Takk for invitasjonen! Tusen takk også for nydeleg musikk innleiingsvis.

Mest av alt: Takk til initiativtakarane – for at de finst, og at de gjer dette.
Det er eldsjeler som dykk som gjer at kulturarven vår lever vidare.

Det ligg mange timars arbeid bak den opplevinga de gir oss her i dag. Heldigvis er det mange som skal få gleda av oppsetninga i løpet av sommaren.

Takka vere dykk, vil diktverka til Vinje bli kjent for nye generasjonar. Fleire vil få oppdaga kor moderne han på mange måtar er. Det er ein imponerande – og viktig – innsats de gjer. Hjarteleg takk!

Kombinasjonen av kultur og samferdsel har eg stor sans for. Eg gler meg  til å sjå Ferdaminneproduksjonen. Ei flott markering av at det i desse dagar er 150 år sidan Aasmund Olavsson Vinje la ut på si legendariske ferd til kroninga av Karl 15. i domkyrkja i Trondheim.

Den reisa vart til boka Ferdaminne frå sumaren 1860. Ei bok til inspirasjon for mange, for journalistar og forfattarar, ja, men også for mange andre!  ”Ved Rondane” vart til på denne turen.  Og også skildringar av bygdene han reiste gjennom. Her kan vera mykje å ta fram att i dag!

Eg er glad for at Vinje no blir løfta fram. Det fortener han. Som  Olav Vesaas så fint seier det i  biografien sin om Aasmund Olavsson Vinje:

”Eit menneske som ber i seg så mykje av historia vår og våre levande liv, er det uråd å putte i bås eller setje på formel. Vinje var eit stimulerande uroelement i samtida si, slik han er i dag. Gåtefull, lokkande og levande.”

Vinje var også den første som tok Ivar Aasens nye norske skriftspråk i bruk i det offentlege rom. Ein føregangsmann for oss nynorskfolk  som seinare kom etter!

Vinje var glad i toget. Han skildra jernbanen med stor begeistring, som når han sa: og finn det som eit dikt å fara så fort og sjå steinar og tuver og alt som i vegen kan koma... Vi ser det føre oss når han viser landskapa som fer forbi: ..å syna seg fram i ein augneblink, og atter renna frå oss som skremde fuglar...

Eg trur Vinje ville vore fortvila over dei vanskane vi har hatt i vinter, men som han skreiv i Våren : ”Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma…”

Med andre ord: Det er betre tider i vente. Eg trur at at Vinje også ville gledd seg over det løftet som no blir teke for å få rusta opp jernbanen.

Det kjennest  heilt rett at eit reisande Ferdaminnejubileum startar her på Oslo S.
Som i juni 1860,  byrjar reisa i juni 2010,  med det som mange vil kalla det mest fascinerande av alle kommunikasjonsmiddel, jernbanen!

Det er ei stor ære å erklæra Vinjeåret 2010 for opna, og ynskja  lukke til med jubileet med nokre ord frå innleiingsdiktet i Ferdaminne!

Fraa Byen det berer.
Eg lyfter paa Hatt,
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att'