Historisk arkiv

Tale ved konferanse i regi av Bergen Næringsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

17. februar 2010, Grieghallen, Bergen

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på næringslivstreffet "Manifestasjon", i regi av Bergen Næringsråd, 17. februar 2010.

Takk for invitasjonen! 

Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet mindre, tryggare og meir miljøvenleg. Mindre? sa folk. Ja, det er jo nettopp det vi arbeider med. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk og næringsliv. Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar. Og kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i og driva næring i. 


NTP 2010-2019
Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Mykje fungerer godt, men mykje gjenstår. Regjeringa har lagt fram ein ambisiøs transportplan. Dette taktskiftet i samferdselspolitikken skal fylgjast opp!

Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP)  inneber 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi tek eit stort løft for veg og jernbane, vi legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde, vi skal sikra universell utforming og vi vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa. Vi skal bruka meir pengar – og bruka dei meir effektivt. Det er viktig å gjera dei rette tinga på rett stad til rett tid. I dei mest folkerike områda skal vi byggja jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen og ferja ofte einaste alternativet.

Vi byggjer motorvegar for å betre framkoma. Vi sikrar gode hamner og eit flyplassnett som dekkjer heile landet. Dette er viktige bidrag for å skapa vekst og arbeidsplassar for framtida. Mest mogleg godstransport skal flyttast frå vegen og over på sjø og bane. Samstundes veit vi at vegtransport i svært mange tilfelle alltid vil vera hovudtransportforma. Difor legg vi stor vekt på å fjerna eller avgrensa flaskehalsar som vinterstengte fjellovergangar, ventetider på ferjer i sommarsesonger, ras og ulukker. Å stimulera til betre framkome gjennom betre kollektivtilbod er også ein måte å fjerna flaskehalsar på.

Tiltaka vi har føreslått for dei neste ti åra vil redusera reisetidene på viktige ruter på riksvegnettet med rundt 30-35 minutt. Dette gjeld blant anna E39 frå Bergen nordover til Trondheim og sørover til Stavanger. Berekningar viser at dei bedriftsøkonomiske transportkostnadane for næringslivet som følgje av veg- og jernbaneinvesteringar vil bli reduserte med nær 10 milliardar kroner i perioden 2010-2013. Det vil auka konkurransekrafta!

Arbeidet med NTP føregår kontinuerleg. I dag blir retningslinene for transportetatane og Avinor sitt arbeid med neste NTP sendt ut. Det innleier ein 3-delt planprosess. Vi går no inn i utgreiingsfasen, som vil gå over eitt år. Deretter kjem planfasen, frå mars 2011 og i eitt års tid. Til slutt kjem den såkalla meldingsfasen, der sjølve stortingsmeldinga blir utforma på politisk hald. Opplegget er slik at fylkeskommunane kjem endå sterkare inn i planarbeidet enn før. 


Regionale samferdselsprosjekt

Her har eg ni punkt eg vil snakka om.

Veg

1) Bergensprogrammet er eitt viktig tiltak for å møta transportutfordringane i Bergen dei komande åra. De har som mål å redusera biltrafikken, styrka kollektivtrafikken, rusta opp sentrumsområde og etablera eit samanhengande gang- og sykkelvegnett til og gjennom byen. Ringveg vest og første trinn av Bybanen mellom Nesttun og sentrum blir opna for trafikk i år. Det er ynske om å koma i gang med andre etappe av begge desse snarast råd og det er søkt om å forlengja innkrevjinga av bompengar i 10 år frå 2015. Vi arbeider no med ein Stortingsproposisjon om vidareføring av Bergensprogrammet med etappe 2 av Ringveg vest og Bybanen og tek sikte på å fremja den no i vårsesjonen.

2) Kort om framdrifta på prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal: Det er fleire grunnar til at dette prosjektet ikkje er klart for stortingsbehandling i vår. Statens vegvesen arbeider framleis med å kvalitetssikra kostnadsoverslaget som grunnlag for ekstern kvalitetssikring (KS2) og med å finna ei løysing for masseoverskottet på Bergenssida. Kostnadssprekk på prosjektet gjer at ein fortløpande vurderer om dei lokale vedtaka er tilstrekkelege for å oppnå fullfinansiering. Samferdselsdepartementet vil leggja fram bompengeproposisjon for E39 Svegatjørn – Rådal så snart desse aspekta er avklart.

3) Når det gjeld Sotrasambandet har regjeringa lagt til grunn at det er to aktuelle brualternativ som skal utgreiast nærare. Kommunane skal fatta det formelle vedtaket om plassering. Slik eg har forstått kan det skje før ferien. Her er det viktig med god dialog mellom SVV og Bergen / kommunane i vest.

4) KVU Aksdal-Bergen (Hordfast) går snart i bestilling. Det gjer at viktige avklaringar vil vera på plass til neste rullering av NTP. Ferjefri E39 er viktig – også i Rogaland. Mange vil forsera Rogfast!

Bane
5) Bergensbanen er svært viktig både regionalt og nasjonalt. Vi har planlagt å bruka nær ein milliard kroner på vedlikehald av Bergensbanen dei neste ti åra. I dag går om lag 40 prosent av containertrafikken mellom Oslo og Bergen på jernbanen. For å leggja til rette for ytterlegare godstransport vil vi forlengja eller byggja 8-14 nye kryssingsspor dei neste ti åra. Både i statsbudsjettet for 2009 og i tiltakspakka var det løyvd midlar til ekstraordinært vedlikehald og fornying på Bergensbanen. Målet var å få redusert saktekøyringane på banen. Eg har sett med eigne auge kva det har betydd mellom Myrdal og Voss

6) Til debatten om høgfartstog er fylgjande å seia: Oslo-Bergen er ein av dei strekningane der dette kan vera aktuelt. Jernbaneverket vil om kort tid få eit mandat og eit utgreiingsoppdrag. Eksterne aktørar og internasjonal kompetanse skal trekkast inn. Resultatet av utgreiinga vil vi ta med oss inn i arbeidet med ny Nasjonal transportplan.

7) Arbeida på dobbeltsporet Bergen stasjon – Fløen er mellombels innstilte på grunn av mangel på folk med signalkompetanse. Jernbaneverket vurderer no om det beste er å gjennomføra dette prosjektet saman med dobbeltsporprosjektet Bergen-Arna. Til saman vil desse to prosjekta gi 8,8 kilometer dobbeltspor. Det vil auka kapasiteten kraftig både for gods- og persontrafikk. Midlane til Bergen stasjon – Fløen har no blitt omdisponert til vedlikehald på Bergensbanen.

8) Det føregår konseptvalutgreiing (KVU) for regionpakke Bergen. Utgreiinga tek for seg transportsystemet i heile Bergensregionen. Spørsmålet om framtidig kapasitetsbehov og eventuelt behov for relokalisering av dagens godsterminal vil bli behandla i denne utgreiinga. Bergen kommune ynskjer å bruka areala på Nygardstangen til meir bymessige føremål. Samstundes meiner JBV at kapasiteten på dagens terminal på Nygaardstangen held i mange år til. Med omlegging til krandrift vil det vera mogleg å innfri godsstrategien om tilnærma dobling av kapasiteten fram mot 2020.

9) Mange bergensarar er opptekne av moglegheitene for persontrafikkbane til Flesland. Dette må sjåast i samanheng med planane om forlenging av Bybanen til Flesland. Dersom denne blir realisert vil det neppe vera aktuelt med eit jernbanespor berre for persontrafikk. Samstundes pågår det ei utgreiing av ny hamn i Bergen. Dersom hamna blir lagt til Flesland og jernbanegodshandteringa blir lagt saman med denne, vil det vera naturleg å vurdera persontrafikk på jernbanestrekninga. Det vil då vera ein tilleggseffekt av nytt godsspor. Arbeidet med ny hamnelokalisering blir gjort i regi av Hordaland fylkeskommune, men er ikkje ferdigstilt. Jernbaneverket deltek i prosessen, blant anna med tanke på mogleg jernbanetilknyting. Per i dag føreligg det ikkje konkrete planar om jernbanespor til Flesland.


Betre miljø

Bergen har i vinter opplevd ein svært krevande situasjon med høg luftforureining. Eg er glad for at situasjonen no er betydeleg betre enn den var i januar. No er det viktig å sjå framover og sørgja for at slike situasjonar oppstår så sjeldan som råd.

Det er kommunane som er forureiningsstyresmakt og gjer dei lokale vedtaka. Samstundes må regjeringa bidra til at kommunar som ønskjer å betra luftkvaliteten har verktøy som gjer dei i stand til det. Eg følgjer no med interesse dei drøftingane som skjer i Bergen og i Hordaland fylkeskommune om kollektivtilbodet og restriktive tiltak for å få ned biltrafikken.

Forskinga på området er tydeleg: det er ikkje nok berre med eit betre kollektivtilbod. Ein må også leggja restriksjonar på vegtrafikken. Både køprising og parkeringsrestriksjonar er døme på effektive, trafikkreduserande verkemiddel. På lengre sikt vil innfasinga av låg- og nullutsleppsbilar også bidra til lågare utslepp.

I dag gir kommunehelsetenestelova kommunane vide fullmakter til å setja i gang akuttiltak. Akuttsituasjonen i Bergen viste også at mynda i vegtrafikkloven til å setja i gang trafikkregulerande tiltak truleg bør delegerast frå Kongen i statsråd til Samferdselsdepartementet, med moglegheit til vidare delegasjon til kommunar og vegvesenet regionalt. Arbeidet med dette er allereie i gang. Døme på aktuelle trafikkregulerande tiltak kan vera forbod mot visse typar køyretøy i visse tidsrom og/eller visse område.

Eg arbeidar også med å få avklaring i spørsmålet om lågutsleppssoner.

Belønningsordninga
Frå om med 2004 har staten gitt tilskot til kollektivtransport i dei største byane i Noreg gjennom belønningsordninga for betre kollektivtrafikk og mindre bilbruk. I fjor vart midlane dobla, og det er i år om lag 333 millionar kroner til disposisjon I NTP er det lagt opp til ei ytterlegare dobling i løpet av første fireårsperiode. I tillegg har vi presisert at dei byane som viser vilje til å forplikta seg til restriktive tiltak, skal få løn for det. Dette er også i tråd med Klimaforliket og vart understreka i Stortinget i budsjettbehandlinga for 2010. Søknadsfristen gjekk ut no på måndag og eg ser fram til å setja meg inn i Bergen sin søknad.

Køprising
Byar i andre land, mellom anna Stockholm og London, har særs positive erfaringar med såkalla køprising. Det gir trivelegare og meir velfungerande byar, reduserte miljøproblem og betre framkome. Eit utkast til forskrift om køprising vil om kort tid bli sendt på høyring. All forsking og erfaring tilseier at køprising er eit svært godt eigna verkemiddel for å nå miljø- og transportpolitiske målsetningar i storbyar. Då tenkjer eg på mindre støy, mindre køar, betre framkome og dermed lågare kostnader for kollektivtrafikk, næringstransport og attverande personbiltrafikk. Ei ordning med køprising vil òg kunna brukast for å dempa trafikken i periodar med akutte forureiningsproblem . Eg er klar til å bidra økonomisk gjennom belønningsordninga slik at byane kan sørgja for eit forbetra kollektivtilbod både før og undervegs i etableringa av ei køprisordning.

Sykling
Også det å leggja til rette for at fleire kan sykla er bra for miljøet, folkehelsa og framkoma. Regjeringa har lagt opp til at den statlege innsatsen på sykkelvegar skal meir enn doblast i åra som kjem. Halvparten av dei nye kilometrane skal koma i byar og tettstader.

Bergen er den storbyen i Noreg som har lågast sykkeldel, berre rundt 3%. Trondheim har 8,5 % og Tønsberg vel 11 %, så det er fint mogleg å koma høgare i Bergen òg! Eg veit at Bergen lenge har hatt ein plan for hovudnettet for sykkeltrafikken, og at tiltak ligg inne som ein del av Bergensprogrammet. Eg er òg glad for at det er utarbeidd eit flott forslag til sykkelstrategi i samarbeid mellom  Bergen kommune, Statens vegvesen og Fylkeskommunen. I strategien blir det føreslått eit mål om å auka sykkeldelen til 10%. Statens vegvesen vil støtta fylkeskommunen og kommunen fagleg i dette arbeidet.

Vi ser at det er spesielt vanskeleg å koma til politisk semje om tiltak som gir god framkome for syklistar i tronge sentrumsgater. Eg vil minna om at for å lukkast må ein prioritera syklistar før bilar der det er nødvendig. Eg vil òg peika på at realiseringa av strategien krev avtalar om felles innsats mellom kommune, fylkeskommune og staten. Eg vonar på ein god politisk prosess rundt dette. Til slutt vil eg minna om at vi vil prioritera å gje statlege investeringsmidlar til byområde som gjer sin del av jobben.

Til slutt: Eg blir svært glad når eg høyrer at Bergen tomteselskap no gir bonus til sine tilsette for å sykla, køyra saman til og ta opp haikarar. Det er viktig at alle, både offentlege styresmakter, næringsliv og folk flest bidrar i den store klimadugnaden. Berre saman kan vi få til eit løft! Det kjenner eg meg trygg på at vi skal klara! Eg kunne også ha snakka masse om fly, post og tele – men eg stoppar her. Takk for meg!