Historisk arkiv

Tale ved 100-årsjubileet til Entreprenørforeningene Bygg & Anlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Oslo, 6. mai 2010

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved 100-årsjubileet til Entreprenørforeningene Bygg & Anlegg, Oslo, 6. mai 2010.

Godtfolk!

Først av alt: gratulerer med 100 flotte år! Det ser ut til å vera ein stolt, sterk og livskraftig hundreåring!

Byggebransjen har grunn til å feira er tittelen på mitt innlegg. Ikkje ein tittel eg har sett, men like fullt sann. De kan feira alt de har fått til siste hundre åra – men de kan òg feira alt de vil få å gjera dei neste hundre! Det vil alltid vera bruk for bygge- og anleggsnæringa!

Det siste halvåret har eg hatt gleda av å vera med på fleire veg og jernbaneopningar. Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i.

Som kommunal- og regionalminister såg eg stadig nye bygg reisa seg og koma på plass – bygg som gjer kvardagen til folk betre.

I alle desse tilfella har dyktige entreprenørar stått sentralt. De er ei viktig og heilt nødvendig brikke i arbeidet med å byggja landet!

For meg er det difor viktig å få eit godt samarbeid med dykk og vera lydhøyr overfor dykk.

Som kommunal- og regionalminister hadde eg eit tett og godt samarbeid med byggenæringa. Dei siste åra har eg møtt representantar for næringa på alle nivå. Eg har opplevd menneske med stoltheit til sitt fag,  representantar for ein bransje som kjenner ansvar for å levera kvalitet, som har klare meiningar og eit sterkt engasjement. Det vil eg halda fram med!

Eg er glad for at kontakten med anleggsnæringa ser ut til å bli like god som den eg hadde med byggenæringa.

Sysselsetjing
Ei hovudprioritering for regjeringa i kjølvatnet av finanskrisa har vore å få folk ut i arbeid og å sørgja for at færrast mogleg – helst ingen – går ledige. Det gjeld ikkje minst i bygg- og anleggsbransjen, ei næring som er særleg konjunkturutsett og dermed ekstra sårbar. Kanskje gjeld dette endå meir byggebransjen enn anleggsbransjen.

I ei tid der investeringane i privat sektor framleis er nede i ein bølgedal, er det endå viktigare at ikkje aktiviteten i offentleg sektor parallelt blir trappa ned. Vi må halda arbeidsløysa i næringa så låg som råd.

Bygg- og anleggsnæringa er ein svært viktig arbeidsgjevar. Medan aktiviteten i privat sektor er klart viktigast for byggenæringa, er staten den store oppdragsgivaren innan anleggsbransjen. Det er eit ansvar eg er svært oppteken av!
Eg ser det som sjølvsagt at de på dykkar side tek godt vare på arbeidstakarane dykkar, sørgjer for gode arbeidsvilkår og følgjer lovar og reglar. Eg reknar med at de også seier frå om det er noko i vårt elles ”utmerka regelverk” som ikkje held mål.

Nasjonal transportplan
Sidan regjeringsskiftet i 2005 har vi auka løyvingsnivået til veg- og baneformål med vel 9 milliardar kroner. Det er ein vekst på heile 45 prosent samanlikna med Bondevik-regjeringa sitt forslag til budsjett for 2006.

Mitt klare mål er å fylgja opp dette taktskifte i samferdselspolitikken med full kraft. Regjeringa har varsla eit samferdselsløft i Nasjonal transportplan 2010-2019. Det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Det er eit løft vi er godt i gang med!

For å koma i mål, er vi heilt avhengige av at vi framleis har ein sterk og konkurransedyktig anleggsbransje, ein bransje som kan ta oppdrag av varierande storleik.

Samstundes med iverksetjing av dagens plan, er vi i full gang med ei ny stortingsmelding, ei rullering av dagens plan. Den skal leggjast fram våren 2013. Vi er i gang med første fase – utgreiingsfasen. Og eg kan lova dykk at eg kjenner trøkket – landet rundt – for å sikra endå fleire prosjekt inn i NTP.

Alternativ finansiering
Eg kjem til å invitera ulike miljø til ei brei drøfting både om prosjekt og finansiering av dei. Kan det vera meir å henta på å spela på lag med fleire? Målet er mest mogleg veg, bane og rassikring for pengane!

Vi skal bruka meir pengar – men vi skal òg bruka dei meir effektivt. Det er viktig å gjera dei rette tinga på rett stad til rett tid.
Dagens finansiering er ryddig, ein kombinasjon av bompengar og offentlege midlar.
Eg registrerer interessa for ei breiare drøfting av finansiering av samferdselsprosjekta enn den som har vore.
Det betyr at LO, NHO og ulike økonomiske miljø og organisasjonar skal få moglegheit til å koma med sine råd om korleis vi kan få endå meir veg og bane utan at vi samstundes skaper press i økonomien.
Det blir avgjerande at vi i det vidare arbeidet også trekkjer inn den eksterne kompetansen som finst. Eg vil ikkje trekkja konklusjonar i forkant, men vera open og lyttande.

Kontraktstrategiar
Effektiv gjennomføring er eit anna stikkord.

Kontraktstrategiar er noko vi arbeider med heile tida. I NTP har vi gått inn for å utvikla kontraktformer der ein over lengre strekningar ser investeringar, vedlikehald og drift i samanheng.

På E6 på Helgeland ser Statens Vegvesen no på moglegheitene for å lysa ut slike kontraktar.  Tanken er at ein entreprenør får ansvaret for å gjennomføra ein rekkje investeringstiltak på ei strekning på over 10 mil. Entreprenøren vil òg få ansvar for å vedlikehalda og drifta denne og tilhøyrande vegstrekningar i ein periode på 15 år.

Store kontraktar kan gjera norsk anleggsmarknad meir attraktivt for utanlandske verksemder, noko som òg aukar konkurransen. Samstundes finst det fleire døme på at kostnadene til staten har gått kraftig ned når ein har delt opp kontraktane i fleire mindre entreprisar. I Vesterålen har SVV lyst ut mindre kontraktar på vedlikehaldet sitt. Slik kan lokale entreprenørar koma sterkare inn.

Døma viser at det ikkje finst ein type kontraktform eller ein kontraktstorleik som er løysinga. Kva som er best vil variera alt etter kva arbeid som skal gjerast og korleis tilhøva i anleggsmarknaden er.

Vi har nyleg motteke ein eigen rapport frå Dovre Group om organiseringa av kontraktane våre. Det er rom for betring!

Eg legg vekt på at Statens Vegvesen og Jernbaneverket skal arbeida vidare med å utvikla endå betre og meir differensierte kontraktstrategiar.

Eg har også merka meg at de på eiga hand har kontaktforum – policy-gruppe – med SVV og at det styrkar samarbeidet om oppdrag og kontraktformer. JBV er kome med, og eg har formidla til jernbanedirektøren at det kan vera meir å henta! 
Avslutning
Bygg- og anleggsnæringa driv viktig distrikts- og regionalpolitikk.

De gjer det fordi de bur der de bur!
De gjer det fordi de tek varierte oppdrag!
De gjer det fordi de rekrutterer nye arbeidstakarar over heile landet!.
Gløym aldri verdien av lærlingar og trainee-plassar!

Kor viktig kvar enkelt av dykk til ei kvar tid er, vil koma an på kor store de er, men også kva kompetanse de har, kva kvalitet de leverer, kor gode de er til å halda dykk til fornuftige prisar – og kor flinke de er å tilpassa dykk ulike behov.

Eit døme frå tida i KRD-tida: når vi stiller nye krav til energibruken i bygg er det eit døme på at det blir stilt nye krav til kompetansen i byggenæringa. Vinnaren vil då naturleg nok vera dei som best klarar å tilpassa seg dei nye krava.

Krava til universelt utforma bygningar er eit anna døme – det gjeld også samferdselssektoren.
”Vakre vegars pris” heng høgt . Den fortel om kvalitet og kompetanse!

Evna til å tileigna seg ny kompetanse – og syna den tydeleg fram – trur eg vil bli ein viktig faktor for at bransjen skal lukkast i framtida.

Likeeins trur eg de vil tena på å vera mest mogleg presise i spesifikasjonane dykkar. Vis fram kva de kan. Kom med gode forslag og råd. De har alt å vinna og lite å tapa!

I dag feirar de hundre flotte år. Kolbein Falkeid har eit dikt eg er veldig glad i:

Privat huskeregel.
Du skal ikke klistre fine øyeblikk
opp på veggene i tankene
og forgylle den med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.
Det er derfor livet har deg på mannskapslista.


No seier Falkeid at ein ikkje skal dyrka dei fine augneblinkane. Eg er ikkje heilt samd i det. Eg meiner det er rett – og viktig – å dyrka dei fine augneblinkane, feira når ein kan!

Eg ser fram til å samarbeida med dykk vidare – både om dei fine augneblinkane og dei arrete kvardagane. Og eg har mange oppgåver til dykk, det er både RNB og 2011-budsjett i vente. RNB kjem komande tysdag! Der er oppdrag til den som kan snu seg fort rundt og levera kvalitet til fornuftig pris! Jernbane og tilleggsløyving der er de klar over! Det blir òg meir pengar på veg!

Takk for meg, og ha ei god feiring!