Historisk arkiv

Tale ved Bybane-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Bergen, 22. juni 2010

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på konferanse samband med opninga av Bybanen i Bergen, 22. juni 2010.

Kjære alle saman!

Først og fremst: Gratulerer med dagen!

Dette er ein stor dag for Bergen og Bergensregionen.  Det er også ein stor dag for alle som ønskjer eit betre kollektivtilbod. Ja, det er ein stor dag for alle som arbeider for enda meir livskvalitet og trivsel i byane våre!

Bybanen er den største samferdselssatsinga i Bergen på lang tid. Det er eit viktig kollektivprosjekt både på nasjonalt og lokalt nivå.

Bybanen i Bergen er den første i sitt slag i landet. De skriv historie! De kjem til å inspirera andre! Eg gler meg med dykk!

De bergensarar er eit engasjert folkeferd. Så også når det gjeld samferdsla i byen. Diskusjonen har gått livlig kring Bybanen. Det er bra!

Sjølv trur eg den banen som no er på plass vil gjera Bergen til ein endå hyggelegare og betre by å bu i. Luftkvaliteten vil bli betre, støyplagene mindre.

Bybanen blir eit viktig bidrag til auka trivsel og betra helse for innbyggjarane.

Dessutan vil bilkøane bli mindre og trafikkavviklinga raskare – slik blir Bergen  ein
enklare by å ferdast i. Slik blir også Bergen ein meir  næringsvenleg by, når køane vert mindre vert det også letttare for næringsverksemder å få fram varene sine.

Nasjonal transportplan
Samferdsel handlar om nettopp det: å gje folk eit enklare liv og næringsverksemder betre vilkår.

Kortare avstandar og velfungerande transport- og kommunikasjonssystem gjer kvardagen lettare for folk. Transportsystemet gir folk mobilitet og høve å delta i samfunnet. Næringslivet får moglegheit til å frakta varene sine til og frå marknader i innland og utland.

Regjeringa har sidan 2005 auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Likevel er det framleis mykje som gjenstår. Vi har lagt fram ein ambisiøs  transportplan for dei neste ti åra. Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) inneber at det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra. Vi er no snautt seks månader inne i første etappe. 

Samstundes har vi starta opp arbeidet med ein revidert  Nasjonal transportplan.
Eg kan lova dykk at eg kjenner trøkket landet over – også i Hordaland – for å få på plass flest mogleg prosjekt. Det  arbeidet vi no har sett i gong, skal munna ut i ei stortingsmelding våren 2013.

La meg også gratulera Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune med utvidinga av Bergensprogrammet, vedteke i Stortinget for ei veke sidan. Vi kan ikkje lenger byggja oss ut av kapasitetsproblema i dei største byane med stadig nye vegar. No må vi finna alternative løysingar. Nettopp det er eit utvida  Bergensprogram eit døme på.  Programmet skal mellom anna redusera biltrafikken, styrka kollektivtrafikken og rusta opp og skjerma sentrumsområde.
Å få etablert eit samanhengande gang- og sykkelvegnett til og gjennom byen er også eit sentralt mål.

Bybanen
Bybanen står sentralt i Bergensprogrammet, og er eit viktig ledd i arbeidet med å få på plass eit betre transportsystem i Bergen.

Dette er eit ambisiøst prosjekt, med fleire etappar. Sjølvsagt vil nytteverdien bli større for kvart byggetrinn. Første byggetrinn er likevel ein viktig og god start.
I eit kollektivprosjekt er det viktig at ein finn løysingar som ikkje berre er teknisk gode, men glir godt inn i bybiletet. Det har de fått til!

Det er veldig bra at arbeidet med design har involvert alt frå landskapsarkitektur og leskur til uniformer. Så fint har det blitt at det ikkje vil forundra meg om Bybanen blir nok ein turistattraksjon for Bergen!

Regjeringa er også oppteken av at kollektivtransport skal vere tilgjengeleg for alle. Vogner med låggolv gjer at både rullestolbrukarar, reisande med barnevogn og andre kan bruka Bybanen. 

Arealbruken vert sentral. Planane om fortetting er viktige. Ny næringsverksemd langs den nye transportåra kjem til å bety mykje.

Så vidt eg skjønar skjer det alt noko i dei nye senterområda på Kokstad, Wergeland, Paradis og Fantoft. Bra!

Det er og positivt at  byggherrane har vald løysingar som vil fungera òg om 20 og 50 år. Langsiktig tenking er heilt naudsynt ved ei så stor investering.

Vidare framdrift
Kva skjer så vidare?Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har begge gått inn for at andre etappe av Bybanen, frå Nesttun til Rådal, blir fullført så raskt som mogleg. Dette vil også gje best mogleg utnytting av etappe 1.

Frå Samferdselsdepartementet  si side har vi halde så rask framdrift som råd for å følgja opp overfor Stortinget. Sist tysdag gav Stortinget grønt lys for vidareføring av bompenge-ordninga i 10 år frå 2015 til 2025. Desse midlane skal blant anna brukast til etappe 2 av Bybanen og etappe 2 av Ringveg vest. Eg gler meg til å følgja den vidare utbygginga av Bybanen.
 
I utgangspunktet var finansieringa av Bergensprogrammet eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, kommune og bruk av bompengar.

Frå forvaltningsreforma trådde i kraft 1. januar i år, består finansieringa berre av fylkeskommunale midlar og bompengar.

Det gjer godt å registrera det samarbeidet som er etablert mellom fylkeskommunen og Bergen kommune.

Gjennom bompengar bidrar også innbyggarane i Bergen sjølve til eit betre transportsystem. Det er flott!  Lat meg også nemna at bybanar har fått ei linje i Soria Moria 2. Under kap.5 Samferdsel står følgjande å lesa:
"...en styrking av fylkeskommunenes mulighet til å bygge ut kollektivtrafikken, herunder bybane.”

Klimautfordringane
Verdssamfunnet står framfor svære utfordringar. Vi talar om både ei klimakrise, ei finans- og ei matkrise. Vi må ta vår del av ansvaret for å snu utviklinga. I Noreg står transporten no på landsbasis  for 29 % av klimagassutsleppa våre, i byane langt meir.

Min kollega Erik Solheim skal snakka meir om dette straks. Lat meg berre slå fast: Dette er ikkje berekraftig.

Skal vi klara å innfri klimalovnadane våre på transportområdet, må vi gjennomføra tiltak på eit breitt spekter av område.
Vi har starta ei omleggjing av bilavgiftene i meir miljøvenleg retning. Det gir resultat! Ein ny bil i dag slepper ut 15 % mindre CO 2 enn ein tilsvarande bil for fem år sidan.

Langt fleire må ferdast kollektivt. Mest mogleg av persontransporten i byane må over frå biltrafikk til kollektivtransport. Kollektivtransporten må få auka kapasitet, og tilbodet må bli meir føreseieleg og høgfrekvent enn i dag.

Då treng vi djerve visjonar og folk som tenkjer stort, slik de har gjort her i Bergen med Bybaneprosjektet.

Det som no skjer hos dykk, vert følgt nøye i fleire andre byar.
Eg registrerer overskrifta Look to Bergen også i Stavanger. Der er dei midt inne i ei drøfting der de no for lengst har konkludert. Bybane eller buss?
 
Belønningsordninga
Frå og med 2004 har staten gitt tilskot til kollektivtransport i dei største byane i Noreg gjennom belønningsordninga for betre kollektivtrafikk og mindre bilbruk.

I fjor vart midlane dobla. Det er i år om lag 333 millionar kroner til disposisjon. Vi har inngått 4-årig avtale med tre byområde ( Trondheim, Kristiansand og Buskerud-byen). Då står det att 128 mill. til disposisjon i år.  Desse midlane er ikkje fordelte enno.

Vi legg til grunn at  dersom Bergen oppfyller vilkåra for midlar frå Belønningsordninga, kan desse nyttast til delfinansiering av ei forlenging av bybanen. Vi har i Soria Moria 2 varsla ei dobling av midlane til Belønningsordninga i høve 2009-nivå.  Vi må likevel kvart år gjera som det står i NTP, ta omsyn til den totale budsjettsituasjonen ved fastsetjing av totalbeløpet vi har til fordeling.

Som alltid ved tildeling frå Belønningsordninga vert det stilt  strenge krav til trafikkregulerande tiltak.

Bergen har store utfordringar knytt til framkome og lokal luftkvalitet. Ei eventuelle innføring av verkemiddel som køprising og tidsdifferensierte bompengetakstar vil bety mykje.
 
No føreligg det lokale initiativ om dette. Tromsø ligg føre dykk her. Fleirtalet i fylkesutvalet i Hordaland er positive. Gratulerer! De vert føregangsfolk også på det området!

Avslutning
Eg vil avslutta med å gratulera Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, entreprenørane og alle andre involverte med Bybanen i Bergen. De skriv i dag historie, de  legg  til rette for betre klima, meir helse og raskare framkome!

De viser oss i dag at nokon må gå føre og gjera omstridte vedtak. No helsar dei aller fleste bybanen velkommen!

Moderne løysingar som Bybanen i Bergen er førebilete for vidare byutvikling òg i dei andre store byane våre.

Takk for meg og igjen: til lukke med dagen!