Historisk arkiv

Tale ved Diktarvegen-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

8. april 2010, Balestrand

Tale ved Diktarvegen-konferansen "Vegen vidare",i Balestrand, 8. april 2010.

Takk for invitasjonen!

Alt som skjer her i dag og rundt Diktarvegen elles er særs gledeleg. Eg blir varm om hjartet av å sjå transport, kultur og regional utvikling – tre område eg er svært oppteken av – fletta saman slik det er gjort i samband med Diktarvegen.

Særleg glad blir eg fordi de løftar fram kor viktig det er å dra lasset i lag. Det er viktig at de torer ha visjonar og visa fram einskildsaker.

Somme drøymer om eit samla Vestland i organisatorisk forstand. Sjølv trur eg at det å gjera Vestlandet mindre gjennom kloke, framtidsretta samferdselsinvesteringar vil bety vel så mykje.

Vestlandet står i dag for 43 prosent av den nasjonale eksporten, sjølv om vi berre står for 1/4 av folketalet. Då er næring knytt til olje og gass halden utanfor. Vi kan difor med rette snakka om Vestlandskysten som ”Gullkysten”.

Men for at gullet skal koma fram, er det naudsynt med gode transportårer !

Vi har ein indre og ein ytre veg langs Vestlandskysten. Den indre er ikkje mindre viktig enn den ytre! Utfordringa til indre strok er at ein ikkje har same veksten her som i dei ytre stroka – der andre krefter enn politikken gjerne er naturlege pådrivarar. Difor er det ekstra viktig å gjera dei indre delane synlege!

I blant kan vi alle kjenna trong for å bli løfta opp frå kvardagen. Då er det fint å kunna gå til dikta.

At så mange av dei nynorske diktarhøvdingane er fødde eller oppvaksne langs ein og same veg er heilt spesielt.  Dette er noko ein kan bruka både som åndeleg kveik – men også i reiselivssamanheng og regional utvikling.

De har løfta fram fem diktarar så langt. Eg vonar at de også gjer meir for å synleggjera skriveføre kvinner og menn frå vår eiga tid med tilknyting til Rv 13!

Eg har også lyst å halda fram Nasjonal Turistveg-prosjekta – som i likskap med Diktarvegen er på ein veldig fin måte gir oss høve til å visa oss fram for andre!

Då eg vart samferdselsminister i haust, sa eg at eg ville gjera landet tryggare, meir miljøvenleg og mindre. Mindre? sa folk. Ja, det er jo nettopp det vi arbeider med. Dess kortare avstandane blir og dess betre landet er knytt saman, dess enklare blir kvardagen for folk.

Eller som Per Sivle så flott seier det i diktet "Noreg":
 
Og Noreg vart funne,
      og Noreg vart bygt.
Og Noreg vart samla,
      og Noreg vart trygt.


Nett det strevar vi etter kvar dag – å byggja landet vidare og gjera det tryggare! Kommunikasjon er eit middel for å nå andre mål, er tittelen på innlegget mitt. Regional utvikling og samferdsel heng utan tvil saman. Det handlar om å gi folk fridom til å velja kvar dei vil bu og kva slags liv dei vil leva.

Vi toler å bli fleire i bygdene våre. Det er viktig at tilhøva blir lagt til rette for at ungdom kan flytta heim att, eller bli buande. Vi treng lys i husa, blomar i karmane, barn på veg til skulen om morgonane.

Og vi treng transportsystem som sikrar god framkome – helst utan at vi brukar for mykje av matjorda vår, jamfør Granvin ungdomsråd sine meiningar ypperleg framførte på konferansen i fjor! Apropos ungdom, tolvåringen Jakob Sande sa det slik:

O herre Gud!
Lad ei din tjenerl
lenger strække sin preken du.
Nu er jeg mett av hans ord!
Jeg lenges hjem til mitt middagsbord!

Eg har dei siste månadane hatt gleda av å vera med på fleire veg- og jernbaneopningar.

Kvar gong ein tunnel eller ei bru eller eit nytt dobbeltspor kjem på plass, blir landet litt mindre – og litt betre for folk å bu i. 

Vi er alle avhengige av at veg, jernbane, fly, breiband, post og tele fungerer slik det skal. Ikkje minst er dette viktig for at små og større stader skal vera levande og attraktive lokalsamfunn.  Og for at ein skal kunne koma seg ut i landet og ut i verda når ein treng eller ynskjer det. Sivle sa det slik i "Utferdsdråpa":

Ut for å fara,
ut for å sjå,
   ut gjennom sjoroks eim,
ut til for vågal
vinning å slå,
ut – for å venda heim

Også Garborg har minna oss om at alle reiser er ein omveg heim! Som mangeårig vekependlar kan eg skriva under på at dei var inne på noko der, diktarane.

NTP 2010-2019
Sidan 2005 har regjeringa auka løyvingane til veg- og baneformål med nærare 50 prosent. Mykje fungerer godt, men det er mykje som gjenstår.

Det er ein ambisiøs transportplan regjeringa har lagt fram. Mitt klare mål er å fylgja opp dette taktskifte i samferdselspolitikken med full kraft!

Nasjonal transportplan 2010-2019 (NTP) inneber at det skal brukast 322 milliardar kroner til samferdsel dei neste ti åra.

Vi tek eit stort løft for veg og jernbane, vi legg opp til ein stor innsats for å få ned talet på drepne og skadde, vi vrir transportpolitikken i grøn retning for å få ned klimagassutsleppa og vi skal gjera transportsystemet meir tilgjengeleg for alle.

Vi skal bruka meir pengar – og vi skal bruka dei meir effektivt og syta for å få mest mogleg att for dei.

Vi satsar tungt på drift og vedlikehald. I fjor breidde lukta av nylagt asfalt seg over heile landet:

Han varslar i svingen,
kjem imot deg i grålysingi
eldhorn
blinkar frå panna –
kjem tung, kjem myndig rullande
og valsar ut asfaltreimi du skal gå

skriv Olav H. Hauge i diktet Vegvalsen. Og asfaltmaskina vil de møta i år også!

Samstundes med iverksetjing av dagens plan, er vi i full gang med ei ny stortingsmelding, ei rullering av dagens plan. Den skal leggjast fram våren 2013.

Eg kjenner trøkket landet rundt for å sikra enda fleire prosjekt inn i NTP. Finansieringa i denne fire-årsperioden er statlege midlar og bompengar. Eg kjem til å invitera ulike miljø til ei brei drøfting både om prosjekt og finansiering av dei. Kan det vera meir å henta på å spela på lag med fleire? Målet er mest mogleg veg og rassikring for pengane!

I tillegg til å auka potten til samferdsel, har det vore viktig å få til ei differensiering mellom by og land i samferdselspolitikken.

I dei mest folkerike områda skal vi byggja jernbane og bidra til omlegging av personstransport frå personbil til kollektive transportmidlar, sykkel og gange. I distrikts-Noreg er vegen ofte einaste alternativet.

Forvaltningsreforma gjer at fylkeskommunen frå 1. januar er blitt den nye store vegeigaren, med fire gonger så mykje veg som staten. Ei stor oppgåve – som eg er sikker på at fylkeskommuane vil løysa på ein god måte.

Overføringa vil gje fylka betre moglegheit for å sjå ulike verkemiddel som vegnettet og kollektivtransportsystemet i samanheng. Det blir lettare å gjera heilskaplege vurderingar.

Reforma vil også styrka det regionale nivået og flytta oppgåver nærare folk. Eit godt samspel mellom kommune, fylkeskommune og stat er her viktig.

Det er framleis staten sitt ansvar å setja fylkeskommunane i stand til å byggja, drifta og vedlikehalda trygge og effektive vegar. Vi har lagt fram eit økonomisk opplegg som legg grunnlag for vekst i aktiviteten på fylkesvegane.  Hittil viser ein nyleg framlagd rapport frå Maskinentreprenørenes foreining (MEF)  at vi så langt  har lukkast.

Diktarvegen rv 13
Diktarvegen Rv13 går frå Sandnes til Sunnfjord. Her ligg fleire  større prosjekt inne i handlingsprogrammet for 2010-2013: fullføring av rassikringa ved Osberg i Rogaland og ved Bugjelet i Hordaland, Hardangerbrua og fleire av prosjekta i Vossapakka. 

Vossapakko løyser mange problem på ei gong. Den vil gi både rassikring, betre framkome, betre tryggleik og redusert reisetid. At ein også får leia trafikken utanom Voss sentrum er nok også etterlengta.

Rassikring er viktig! Mange lever som i Hauges dikt "Under bergfall":

Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.


Rassikring må til for å gjera vegane meir trygge og pålitelege. Slik sikring er med på å redusera dei ekstra kostnadene som vegstenging fører til for folk og næringsliv. 

Det viktigaste er likevel at rassikring gjer kvardagen tryggare for dei som må køyra på rasutsette strekningar til og frå arbeid og skule.

I Nasjonal transportplan har regjeringa varsla ein gjennomsnittleg årleg innsats på ein milliard kroner til rassikring i 10-årsperioden 2010-2019.

I 2010 er det ikkje tilstrekkeleg med avklarte planar for å nå målet om 1 mrd årleg. Det er difor sett av 850 millionar kroner til særskilte rassikringstiltak. 

Dette beløpet er likevel ein auke på nær 410 millionar kroner eller vel 92 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2009.

Rassikringa som ligg inne i handlingsprogrammet ved Osberg i Rogaland, Bugjelet i Hordaland og på strekka mellom Voss og Granvin i Vossapakko skal gjera at det på desse stadene endeleg kan bli slik Olav H. Hauge skriv ein annan stad i diktet sitt:

Du bur under bergfall.
Og du veit det.
Men sår din åker
og trør trygt ditt tun
og lèt dine born leika
og legg deg
som inkje var.

Hardangerbrua er eit døme på at store prosjekt gjerne er avhengige av at nokon engasjerer seg. Denne brua er eit resultat av at seige hardingar aldri har gitt seg. Ho er og eit døme på framsynte folkevalde i Hordaland fylkeskommune som tenkte stort i bruken av konsesjonskraftpengar!

Det er viktig å ha tru og vilje – også der det er sterke motkrefter. I tillegg til å forbetra framkoma for folk og næringsliv vil Hardangerbrua vera med på å gje ungdom fridom til velja kvar dei vil bu og delta på det dei vil delta på. Det er eit symbol på fridom. I arbeidet med å få opp folketalet i bygdene er dette utruleg viktig.

Det rasar også der ein ikkje trur det skal rasa. Der det før har ramla ned nokre steinar no og då, rasar det no meir enn før.

Det er viktig at både SVV og kommunane har naudsynte planar klar. Både Tysdalsstranda og Oddadalen må også sikrast!

I blant kan det kjennast tungt, uansett kva ein arbeider for. Då er det viktig å sjå det store biletet. "Landet vårt" av Garborg er eit dikt å kjenne seg løfta av.

So lang ei tid,
so lang ein strid,
og enno stend me midt der-i!
Men utan sut
den norske gut
vil halde striden ut.

Det hev me lært
er møda verdt
å stri`for det som vart oss kjært;
og mann for mann
me segja kann:
me elskar dette land


Rasmus Løland gav oss ordtaket: Minne kan gjera det smaae stort!

Rv13 kan gi fleire høve til å realisera draumar dei har og gjera at nye verksemder gror fram!

Gjennom programmet de har sett saman viser de på ein glimrande måte kva vegen betyr og korleis den er eit middel for å nå andre mål.

Om eg på tampen skulle ta fram eit spesielt område, så er det høve til utdanning. Tenk kva kommunikasjonar i vidaste forstand betyr for utdanning!

Kor mange fleire elevar som kan bu heime fordi vegen er utbetra. Kor mange fleire kan ikkje flytta til ei grisgrendt bygd og likevel kunna fylla på utdanninga si fordi kommunikasjonane er betra?

Ei påminning til slutt: Der det er vilje, der er det veg!

Takk for meg – no gler eg meg til å høyra på dykk!