Historisk arkiv

Tale ved opninga av Naturmangfaldåret 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Oslo, 14. april 2010

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opninga av Naturmangfaldsåret 2010, Oslo, 14. april 2010.

Fyrst av alt: takk for eit hyggeleg oppdrag!
Eg er glad for at arrangørane på denne måten set søkelys på biologisk mangfald.

Tap av biologisk mangfald – ved sida av klimaendringane – ein av dei største miljøutfordringa i transportsektoren. Det må vi alle ta på største alvor. Heldigvis veit eg at dei fleste aktørane gjer det dei kan for at det skal bli så lite slikt tap som mogleg.

Den viktigaste årsaka til tap av biologisk mangfald er inngrep i naturen. Endringar av klima kan også føra til tap av biologisk mangfald fordi livsmiljøet blir endra.

Dei fleste artar er tilpassa livsmiljøet dei lever i, og artar og livsmiljø er nærast gjensidig avhengige av kvarandre. Fører klimaendringane til store endringar i livsmiljøet, vil også nokre artar døy ut.

Nasjonalt mål
Vi har eit nasjonalt mål for sikring av biologisk mangfald. I 2003 var det stor semje blant miljøvernministrane i Europa om at tapet av biologisk mangfald skal stansast innan 2010. Stortinget slutta seg til dette.

Diverre er ikkje målet innfridd. Det må vi berre ta innover oss, og arbeida vidare for å nå så raskt som mogleg.

Status
I Noreg er det påvist om lag 40 tusen artar, medan det reelle talet truleg er 60 tusen. I Noreg står nesten 4000 artar i fare for å døy ut. Over 200 artar er rekna som kritisk truga og kan vera utrydda i Noreg.

Det er ingen tvil om at samferdselsanlegg ofte medfører store inngrep. Slike anlegg gjer inngrep i naturen og splitter opp leveområda for plantar og dyr. Eg er oppteken av at vi må ta omsyn til biologisk mangfald der det er mogleg.

Gjennom tildelingsbreva dei seinare åra er etatane bedne om å styrka kompetansen sin på biologisk mangfald. Dette gjer at kunnskapen i etatane no er mykje betre. Eg tykkjer de tek gode avgjerder som tek vare på fleire omsyn.

Biologisk mangfald er eit høgt prioritert miljøområde i Nasjonal transportplan 2010-2019  (og i Soria Moria II). Samferdselsdepartementet har dei siste åra delteke i samarbeidet om kartlegging og overvaking av det biologiske mangfaldet.

God kartlegging er viktig for sektoren. Slik reduserer vi risikoen for at det dukkar opp kunnskap til dømes om flaggermus, sommarfuglar (klippeblåvenge) eller sjeldne planteartar seint i planprosessen slik at det blir dyrt eller vanskeleg å hindra naturskaden.

Vi har òg bede etatane følgja opp den tverrdepartementale strategien mot framande artar. Eg er særs nøgd med det arbeidet som blir gjort med kartlegging og utvikling  av metodar for å hindra spreiing.  

Naturmangfaldlova
Naturmangfaldlova som tredde i kraft 1. juli 2009 pålegg – i større grad enn tidlegare – etatane å vurdera konsekvensane av inngrep. Dette er ei av dei mest moderne lovene for å sikra berekraftig bruk og vern av naturen. I Soria Moria II-plattforma understrekar regjeringa at vi vil bruka denne lova aktivt for å sikra truga naturtypar og artar.

Denne lova går så langt at den har blitt lagt merke til internasjonalt og er blitt nominert til ein internasjonal pris for beste lovgiving for naturmangfaldet. Prisen skal delast ut under FN sitt store partsmøte om biologisk mangfald i Japan i oktober.

Det er den uavhengige, internasjonale World Future Council som har nominert Naturmangfaldlova til ”best policy” for naturmangfald. Det er ei gledeleg utnemning. Eg tykkjer den viser at dette er ei lov som verkeleg tek naturmangfaldet på alvor.

Eg håpar nominasjonen – og ikkje minst dagen i dag – vil vera ein inspirasjon for alle dykk som jobbar på dette feltet!

Takk for meg – og lukke til med konferansen!