Historisk arkiv

Tale ved opninga av Norsk vegmuseum Region vest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

19. juni 2010, Dirdal i Rogaland

Tale av samferdselsminister Magnhild Meltveit ved opninga av Norsk Vegmuseum Region Vest i Dirdal, 19. juni 2010.

Takk for invitasjonen!

Det er stor stas å sjå kva de har fått til her i Dirdal. Eit flott museum – og ein heilt ny turistattraksjon. Gratulerer til alle involverte!

Både kultur og samferdsel handlar om å gje folk eit betre liv!

Kortare avstandar og gode og trygge transportsystem gjer kvardagen lettare for folk.

God samferdsel bidrar dessutan til at små og store stader kan vera levande, attraktive lokalsamfunn også i framtida. Det handlar om å gi folk fridom til å velja kvar dei vil bu og kva slags liv dei vil leva.

Gunnar Roaldkvam har skrive om bådane på Rosenberg. Skipsreiaren sa han bygde skip. Men som Gunnar Roaldkvam uttrykkjer det: Det var han far og de som bygde bådane …

Slik òg med vegane våre: Han far og de bygde dei med! 

Norsk vegmuseum her i Dirdal vil no gjera det lettare for alle å få eit glimt inn i arbeidet til han far og de. Vi får sjå utstyret dei brukte og maskinene dei køyrde. Det er viktig kulturhistorie!

Det blir bygd mykje veg her i landet no også. Meir skal det bli dei neste åra. Tysdag vedtok Stortinget ei utviding av bompengeopplegget på fylkesveg 45.

Einar Skjæraasen har eit dikt som heiter Gammelvegen. Siste verset lyder slik:

No kryp det skugge. No gror det glømsel.
De gamle farmenn er ingen stan.
Men lyer du inn i sommarnatta,
da syng det lell frå e måltrostgran.
Og har du enno e lita kvilstønn,
da ska du djupt frå det glømte kjenne:
Den gamle vegen er som en tanke
du aldri riktig får tenkt te ende.


Å få tenkt ein tanke heilt til ende er ikkje alltid lett i ein travel kvardag.

Her på museet vil folk kunna vandra rundt, beundra ingeniørkunsten og kanskje få tenkt tanken til endes.

Det er med glede eg skal gjera mitt for å opna Norsk vegmuseum Region vest her i Dirdal!

Lat oss skrida til verket, ordførar Olaug og fylkesordførar Tom!