Historisk arkiv

Innlegg på konferansen ”God arkitektur på veg og bane”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på konferansen ”God arkitektur på veg og bane” 15. september 2011 i Oslo.

Kjære alle saman!

I 1913 vart det gjennomført ein arkitektkonkurranse for dette bygget. Andreas Bjercke og Georg Eliassen vann med utkastet “Brede Seil”.
Bygget stod ferdig i 1917 – eit monumentalt signalbygg som er med på fortelja historia om sjøfartsnasjonen Noreg.
På same vis er vi med på å setja spor etter oss gjennom bygging av jernbane, stasjonar, vegar og gater.

Nedanfor oss ligg Bjørvika og Oslo. Der er vi no i ferd med å gje byen attende til folk – gjennom utbygging av nye samferdselanlegg. Slik byutvikling legg til rette for sosialt liv, kultur og næringsutvikling.
Tenk på Operaen! Her har dyktige arkitektar gitt nasjonen eit monumentalbygg – kjent langt utanfor Noregs grenser.

Arkitekturen har ført til auka interesse for alt som har med opera å gjera. Utforming og arkitektonisk kvalitet har mykje å seia. Det må vi nytta oss av, også i måten vi utformar samferdselsanlegg på.

Arkitektur innan samferdsel

Regjeringa satsar sterkt på samferdsel. Vi er i gang med storstilt utbygging av veg- og jernbanenett. Det gir også spennande oppgåver og store utfordringar også for dykk i Jernbaneverket og Statens vegvesen. 
Direktorata med sin fagkompetanse er viktige støttespelarar også for kommunane og fylka på dette feltet.

God arkitektur er viktig på mange samfunnsområde område! Det kan bidra til å løysa utfordringar innan klima og energispørsmål, by- og tettstadutvikling, samferdsel og infrastruktur, helse, livskvalitet og oppvekstmiljø.

Dei offentlege romma

Vegar, gater, torg og plasser har i all tid hatt mykje å seia for folk. Når noko stort – godt eller gale – skjer, trekkjer folk ut for å vera ein del av eit fellesskap. Det såg vi på frigjeringsdagen 8. mai 1945. Det ser vi kvart einaste år på 17. mai. Det såg vi også 22. juli i år - den vondaste dagen vi har opplevd her i Noreg i fredstid. Folk over heile landet strøymde ut på gater og plassar, som dei med blomar og lys omdanna til viktige arenaer for medkjensle og fellesskap.
Desse møtestadene er heilt nødvendige. Mange av dei er del av samferdselsanlegg.
Det er med stor glede eg klipper snora på nye vegar, dobbeltspor eller gang- og sykkelvegar.

Eg ser kva omtanke som er lagt ned i prosjekta, ned til minste detalj, for å gje anlegg der folk kan trivast og ferdast trygt. Omsorg og fagkunnskap er viktig, og set brukarane i sentrum!
Jernbanen har lange tradisjonar med utforming og arkitektur. Jernbanen til Eidsvoll blei opna i 1854. Den var starten på ei historisk satsing innan samferdsel. Vi har alle sett dei vakre stasjonsbygningane og stasjonsparkane. Dei gir stoltheit og identitet til små og store stader!
Eit ferskt døme: Heggedal stasjon i Asker. Heggedal er frå før utsøkt triveleg. No har Jernbaneverket lyst ut brua ved Heggedal stasjon som open arkitektturkonkurranse. Dei har laga ein utstilling ut av konkurrentane. Slik viser Jernbaneverket at dei ikkje berre transporterer passasjerar, men også tek ansvar for heile kulturbiletet. Eg har stor tru på å utfordre byggenæringa på denne måten – både når det gjeld kreativitet og teknologi.

I det siste hundreåret har vegbygging vore i fokus. Vi byggjer på gode tradisjonar, og vi er innovative!
Nasjonale turistvegar er eit eige døme. Eit storslått prosjekt! Gjennom nyskapande og funksjonell arkitektur, kunst og spennande historier skal opplevinga av storslått natur forsterkast for den vegfarande.
Rasteplassar, stoppestader, utsiktsramper og servicebygg veks fram og viser stadig tydelegare fram eit innovativt Noreg.

Nasjonale turistvegar bidrar til å forsterka Noreg sitt omdøme internasjonalt. Det ser vi tydeleg på den store utanlandske interessa for desse vegane.
Nasjonale turistvegar er ei særs vellukka arkitekturpolitisk satsing.
I tillegg skal vi ta  vare på kvardagslandskapet vårt – gjennom god prosjektering, planlegging og forvalting både i byar, tettstader og bygder. Dette er også nedfelt i Nasjonal transportplan.

God arkitektur er ikkje berre viktig innan samferdsel. Eg er ein av tretten statsrådar som har ansvar for å fylgja opp regjeringa sin nye arkitekturpolitikk.
Dette er ein konferanse to av ”mine direktorat” skipar til. Eg er glad for den viljen og det initiativet de syner til å gje innhald til regjeringa sin arkitekturpolitikk!

Det er gledeleg å lesa rapporten frå Norsk Form: statusen for arkitekturpolitikken, som kom i fjor.
Der poengterer Norsk form kor bra det er at ein no arbeider med ein arkitekturpolitikk for Statens vegvesen og Statsbygg.
No er også Jernbaneverket i ferd med å utarbeida ein eigen arkitekturstrategi.
Vi er med andre ord godt i gang!

Transportsektoren er eit lokomotiv med tanke på å få regjeringa sin politikk ut i livet.
Det er godt å ha dyktige fagdirektorat som ligg i front!

Vi må bruka arkitektur som eit verkemiddel for å gje folk gode opplevingar i kvardagslivet! Det igjen kan gjera at fleire til dømes brukar kollektivtransport eller vel å sykla eller gå.
Lukke til med det vidare arbeidet – og god konferanse til dykk alle!