Historisk arkiv

Innlegg på Nasjonal rassikringskonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas innlegg på Nasjonal rassikringskonferanse, 8. februar 2011.

Det handlar om tryggleik i kvardagen.
Det handlar om eit meir føreseieleg transportsystem for næringslivet.
Rassikring er viktig!

Nasjonal rassikringsgruppe ein viktig medspelar for at vi i fellesskap skal halda trykket oppe på dette viktige området!

Rassikring, avgjerande for  kvardagen til folk, særleg på Vestlandet og i Nord-Norge.

12 dagar etter at eg var samferdselsminister, stod eg i Kjøsnesfjorden, ved opninga av ein rassikringstunnel og las Olav H. Hauges dikt Under bergfall:
 
Det hender,
når du stør deg til ljåen
ein sumarkveld,
at augo sviv som snarast
yver bergsida
der dei segjer
sprekken
skal vera,
og det hender
du vert liggjande vaken
og lyda etter
steinsprang
ei natt.

Det var sterkt! Sterkt å lesa diktet, sterkt å oppleva alle dei glade andleta, sterkt å representera ei regjering som satsar på rassikring!

Eg veit sjølv kva det betyr å sjå dels på vegen og dels oppetter fjellsida, leva med ein uro, vona at det ikkje skjer noko med naboguten som pendlar på vidaregåande eller nabokona som køyrer på arbeid.

Rassikring er med på å redusera dei ekstra kostnadene som vegstenging fører til for folk og næringsliv. Rassikring er med på å sikra livskvalitet!

Det er rekna på verknaden for nokre rassikringstiltak.
Prosjekta E39 Hjartåberga, E136 Måndalstunnelen – Våge, Rv 70 Oppdølstranda, E6 Langnesberga, E10 Rassikring i Vest-Lofoten, E6 Indre Nordnes – Skardalen og E69 Skarvbergtunnelen.

Desse prosjekta gir totalt ein reduksjon i transportkostnader på 690 mill kr! I tillegg til auka livskvalitet er rassikring  god samfunnsøkonomi.

Rassikring i Nasjonal transportplan

I NTP 2010-2019 er det sett av 1 mrd. kr til rassikring på riks- og fylkesvegnettet kvart år, halvparten til riksveg og halvparten til fylkesveg.

Dette er nær ei tredobling samanlikna med det som var føresett for perioden 2006-2009!

Eg hugsar godt ein konferanse, det er ikkje mange år sidan,  der rassikringsgruppa  kravde 1mrd pr år. Eit urealistisk krav i mange sine auge.

Eg lova at det skulle i allefall ikkje stå på Senterpartiet! I NTP er dette ein lovnad heile regjeringa står bak!

I 2010 vart det løyvd til saman 850 mill. kr til rassikringstiltak på riks- og fylkesvegnettet.

I 2011 er den samla løyvinga auka til 1051,1 mill. kr.

Lovnaden om ei årleg løyving på 1 mrd. kr pr. år følgd opp!
120 rasutsette  punkt skal sikrast dei næraste åra.
Det vil bety ein langt tryggare kvardag for mange.

Tiltak på fylkesvegnettet

Samferdselsdepartementet la i fjor fram ein handlingsplan for tilskot til rassikringstiltak på fylkesvegnettet i perioden 2010-2013.
På fylkesvegane skjer løyvinga som eit øyremerka tilskot over Samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Nokre viktige tiltak på fylkesvegnettet:
• Rogaland:    fv 515 Lovraeid
• I Hordaland:    fv 7 Haukanesberget
• I Sogn og Fjordane:  fv 57 Nishammaren
• I Møre og Romsdal:  fv 60 austover frå Hellesylt til Røyr
• I Sør-Trøndelag:  fv 714 Bustlisundet.
• I Nordland:   fv 76 forbi Målvikhammaren
• I Troms:    rassikringstiltak i Torsken kommune

Tiltak på riksvegnettet

I Møre og Romsdal er det fleire store rassikringstiltak.
Rv 70 ved Oppdølstranda er vurdert som den mest rasutsette strekninga i Møre og Romsdal.

Det gjeld også etter at det er gjennomført rassikringstiltak på dagstrekningane etter at vegen vart stengt sommaren 2009.
Sjølv om vegen no er open for trafikk, blir skuleelevar framleis frakta med båt forbi rasområdet.

Dette rassikringsprosjektet  har fått løyving både i 2010 og 2011. Arbeidet med ekstern kvalitetssikring er i sluttfasen (KS2). Det er rekna med anleggsstart i 2011, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2014.


Eg nemner kort dei viktigaste prosjekta elles:

• Rogaland:    rv 13 Tysdalsvatnet
• Hordaland:   rv 13 Skjervet
• Hordaland   rv 13 Bugjelet-Brimnes
• Møre og Romsdal E 39 Hjartåberga
• Møre og Romsdal Vågstrandstunnelen på E136
• Nordland:    rv 80 Løding – Vikan.
• Nordland:    E10 i Vest-Lofoten.
• Nordland:    E10 Solbjørnneset – Hamnøy.

Nasjonal transportplan 2010 -2013 og oppfølginga av planen så langt har ført til at rammene til rassikring har auka kraftig.

Det er likevel ikkje råd å innfri alle behov så raskt som vi eigentleg ønskjer.

Lat meg framheva den innsatsen som er gjort lokalt for å få på plass rassikring av rv 13 langs Tysdalsvatnet i Rogaland.

Eit snø- og isras på det mest rasutsette punktet langs rv 13 langs Tysdalsvatnet, Svoa, i mars 2010 førte til at ein person omkom.

På grunn av rasfaren var vegen stengd i 14 dager etter ulukka.
Dette er einaste vegsambandet mellom delar av Ryfylke og Jæren og sørlege delar av Rogaland.

Omkøyringsalternativa er så lange at dei ikkje er sett på som reelle alternativ.

Rogaland fylkeskommune og Strand, Hjelmeland og Suldal kommunar har forskottert delar av utbyggingskostnadene slik at rassikring kan starta alt no i vår.

Snøskredvarsel

Statens vegvesen deltek i NVE sitt prosjekt med å utvikla ein modell for landsdekkande snøskredvarsel. Det skjer i samarbeid med Meteorologisk institutt (MET), Jernbaneverket (JBV) og Noregs Geotekniske Institutt (NGI).
Dette får de høyra meir om seinare i dag.

Målet er å laga ei fullskala varslingsteneste frå sesongen 2012/2013. Det daglege nasjonale skredvarslet er planlagt å dekka den sannsynlege faren for skred i større område.

Dei lokale observatørane kan deretter utarbeida meir lokale varsel for eige område, bygd på lokalkunnskap og eigne observasjonar.

Arbeidet med å førebu  NTP 2014-2023 er godt i gang. Transportetatane la 1. februar fram dei fyrste rapportane.
Som ein del av arbeidet, lagar Statens vegvesen ei oppdatert oversikt over behov for rassikring langs riksvegnettet og fylkesvegnettet.

Klima i endring inngår i dette arbeidet. Vi må bu oss på endra klima ved å ha ein robust infrastruktur. Vi må førebu oss på at det rasar meir, i større omfang og på plassar der det ikkje er forventa.

Samarbeidet mellom sektorane blir svært viktig for å vera best mogleg rusta for framtida.

Den nasjonale rassikringsgruppa vert og ein viktig samarbeids- og høyringspart i dette arbeidet.

Mitt mål er at folk som bur i desse områda skal kunne gjera som Ola H. Hauge skriv:

Du bur under bergfall,og du veit det
Men sår din åker og trør trygt ditt tun,
Og let dine born leike og legg deg som inkje var.

Trafikktryggleik er jobb nr 1 i Samferdselsdepartementet.
Rassikring er trafikktryggleik!

Lukke til med konferansen og det vidare arbeidet!