Historisk arkiv

Innlegg på seminar i regi av Norges Taxiforbund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg på seminar i regi av Norges Taxiforbund. Oslo, 10. mai 2011.

Alle er avhengige av at drosjenæringa har tillit. De sjølv, kundane og styresmaktene.

Drosjenæringa utfører svært mykje godt arbeid både for unge og eldre – det er viktig å hugsa på.

Drosjenæringa må med på laget i sterkare grad enn i dag for utprøving av alternative drivstoff. Kor mange stader finn vi som kundar bilar som går på el eller biogass?

Drosjeyrket må vera eit yrke å leva med og av – det er avgjerande for rekrutteringa.

Som mange av dykk veit, eg har ambisjon om revidering av yrkestransportlova med forskrift på brei høyring no før sommaren. 

Drosjenæringa er ei samansett næring. Det er svært ulike utfordringar i by og distrikt.

Fleire departement har sidan den såkalla drosjejukssaka i 2007 samarbeidd om ulike tiltak mot irregulære tilhøve i delar av næringa.

Lat meg fyrst oppsummera kva som er gjort:

Med heimel i folketrygdlova har Nav frå januar 2009 rett til å henta inn opplysningar direkte, m.a. frå drosjesentralar, for å kontrollera inntekt mot personar som er trygda.

Eit lokalt kontrollforum retta mot drosjenæringa vart etablert i Oslo i 2009. Der deltek både politi, løyvestyresmakt og andre kontrolletatar.

Forprosjekt for etablering av eit internasjonalt køyresetelregister er gjennomført.

Frå 1. januar 2010 er det sett i verk krav til taksameter.

Regelverket for køyresetel er gjennomgått.

Med bakgrunn i dom frå Høgsterett i 2008 er rettspraksis for tap av køyresetel klarlagt og kunngjort overfor næringa.

De i næringa har òg gjennom eigne interne tiltak medverka til rydding i etterkant av 2007. Det er bra!

Samferdselsdepartementet arbeider kontinuerleg med å bevisstgjera fylkeskommunane om eksisterande regelverk for vandelsmessig kontroll av løyvehavarane – kva er mogleg innan regelverket?

Tiltaka skal bidra til betre samarbeid mellom offentlege styresmakter og meir effektiv forvalting, kontroll og oppfølging av drosjenæringa.

Eg har mykje kontakt med reisande, delar av næringa og einskilde kommunar og fylkeskommunar.  Behovet for å revidera yrkestransportlova er tydeleg!

Har vi for mange drosjar, m.a. her i Oslo?  Når bilane til tider synest å utgjera ein eigen drosjekø, altså ein annan definisjon på drosjekø enn ei rekkje utolmodige reisande, er det då praksisen i dag eller lova som bør vurderast nærmare?

Stiller vi i dag for strenge krav til somme distriktsdrosjar når ein løyvehavar i utgangspunktet har køyreplikt 24 timar i døgeret?

Drosjeløyve gjev rett til å driva drosje som næring. Køyresetelen gjev rett til å ha yrke som drosje- eller bussjåfør.  Begge ordningane inneheld ei vandelsprøving, men det gjeld ulike reglar for kva forhold som gir grunnlag for tilbakekall.

Det er viktig at regelverka blir praktisert. Løyve- og køyresetel må bli tilbakekalla oftare og raskare når løyvehavaren ikkje fyller krava eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår.
Auka risiko for slike sanksjonar vil føra til færre lovbrot.

Lat meg nemna sider ved yrkestransportlova som eg meiner det er behov for å sjå nærare på:

For det fyrste: informasjonsutveksling mellom ulike styresmakter.  Vandelsvurdering for løyve er i dag basert på politiattest eller varsel frå påtalestyresmakta. Grunnlaget er altså lovbrot der straff er pålagt eller eit forhold som er under strafferettsleg handsaming.

Brot på skatte- og avgiftslovgjevinga som ikkje blir strafferettsleg handsama, fell utanfor.

Etter gjeldande reglar har ikkje skatte- og avgiftsstyresmaktene høve til å varsla løyvestyresmaktene om forhold som kan ha noko å seia for drosjeløyvet. Dette er ei dårleg løysing.

Departementet arbeider med eit framlegg om å innføra ein rett eller ei plikt for skatte- og avgiftsstyresmaktene til å gje slike opplysningar til løyvestyresmaktene.

Det vil gi meir omfattande vandelsvurdering ved tildeling av løyve. Det vil også mogleggjera meir effektiv handheving av tilbakekall av løyve.

For det andre: andre tiltak for å effektivisera forvalting og kontroll av løyveordningane frå styresmaktene si side. Her nemner eg fem punkt i tur og orden.

Opplysningsplikt frå likningsstyresmaktene. Dette kan til dømes vera aktuelt om likningsstyresmaktene finn indikasjonar på at løyvet blir drive heilt eller delvis av andre enn løyvehavar

Innføring av krav til økonomi og vandel til ein drosjesentral Ein sentral må sjølv få velja organisasjonsform – så lenge det er ei allment godkjent form.
Det kan likevel vera aktuelt å krevja at sentralane har ein viss eigentkapital i botn, eventuelt at det blir kravd ein garanti.
Slik eigenkapital/garanti vil vera med på å sikra at løyvehavarane får utbetalt det dei har krav på.
Dette er særleg viktig i dei store byane der ein har etablert konkurrerande sentralar.
Spørsmålet om det skal innførast krav til vandel vil også bli vurdert.

Vurdera høve for løyvestyresmakta til å føra kontroll med drosjenæringa. Oslo kommune har søkt departementet om samtykke til å føra kontroll med drosjenæringa etter yrkestransportlova.
Det gjeld blant anna kontroll av løyvedokument i bilen, og av køyresetel og førarkort.
Yrkestransportlova opnar allereie i dag for at fylkeskommunane – i likskap med poltii og Statens vegvesen – kan gjennomføra slik kontroll.
Oslo kommune ynskjer imidlertid ”sivil” kontroll, der kontrollørane opptrer som vanlege passasjerar.
Lova opnar per i dag ikkje for dette. Dette er likevel ei sak vi vil sjå nærare på.  

Vurdera retningsliner for behovsprøving, inkludert fastsetjing av talet på sentralar. Døme: analysar av utnyttinga av drosjekapasitet og vurdering av inntekt/arbeidstid.
Lønsstatistikken SSB 2010-2011 – 140 kroner timen inkludert heilagdagstillegg – seier noko om utviklinga av bransjen.
Viktig at vi i fellesskap bidrar til at drosjeyrket blir noko ungdom velgjer i framtida!

Lemping/fritak for køyreplikt i nærare avgrensa tilfelle. Vi bør drøfta fritak frå å vera disponibel for publikum i einskilde distrikt.
Dette gjeld stader der innteninga er lita og alternativet er å levera inn løyvet.
I så tilfelle kan reisande bli viste til ein sentral milevis vekke.

Oslo/Akershus: I tillegg har eg fått innspel på utfordringar knytt til at Oslo/Akershus er eitt køyreområde, men to løyveområde og med ulik forvalting.
Dette er noko eg ynskjer å sjå nærare på, også for å drøfta nærare  korleis de som næring kan inkluderast i forvaltinga.
Det er de som har skoen på!

Regelarbeidet på dette området er krevjande; m.a. står omsynet til personvernet sentralt i fleire av dei regelendringane som eg meiner vi no bør drøfta.

 Vi må òg ta omsyn til rettstryggleiken til dei som har drosjeløyve. Det er naudsynt at løyvestyresmakta har eit klart grunnlag for å kalla tilbake løyve.
Ein høgsterettsdom frå 25. mars 2010 stadfestar dette. Saka gjaldt eit vedtak frå Oslo kommune om tilbakekall av drosjeløyve. Bakgrunnen for saka var den såkalla drosjejukssaka.

Eg er utolmodig. Ambisjonen min er som sagt brei høyring før sommaren. Målet er sunne og ordna forhold for næringa, tryggare trafikk og eit god tilbod til dei reisande!

Eg er glad for at vi kan samarbeida om dette på ein god måte!