Innlegg ved konferansen Second Northern Parliamentary Dimension Forum
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Tromsø, 23. februar 2011
Tale/innlegg | Dato: 24.02.2011
Innlegg ved konferansen Second Northern Parliamentary Dimension Forum, 23. februar, i Tromsø.
Kjære alle saman!
Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk (NDPTL) er ei nyvinning for landa våre.
Partnarskapet er med på å forsterka transportsambanda i det nordlege Europa. Slik fremjar det interessene til heile denne ressursrike regionen. Partnarskapa er òg eit viktig verkemiddel i den norske regjeringa si satsing på nordområda. Det er dessutan ein god måte å bygga samarbeid og styrka relasjonar på. Aldri har vi arbeidd så tett saman på statleg nivå tidlegare.
Partnarskapet vil bli ein viktig arena for å få på plass betre transportsamband og stimulera til berekraftig økonomisk vekst – på tvers av landegrensene.
Vonleg vil dette ”instrumentet” senka terskelen for internasjonale korridorar.
Alle transportformer vil vera representerte i partnarskapet. Veg, jernbane og sjøgåande transport blir særleg viktig. Å fremja sjøtransport er eit heilt klart mål for partnarskapet generelt og for Noreg spesielt.
Nedsmelting av sjøisen på grunn av global oppvarming vil truleg dra meir internasjonal merksemd mot nordområda. Mindre is gjer at nye sjøområde opnar seg og gir utvida sesong for Den nordlege sjøruta. Desse nye skipsrutene kan halvera transportavstanden mellom Vest-Europa og Asia.
Den auka utvinninga av naturressursane i nordområda gir auka behov for maritim transport. Utan effektive logistikkløysingar til store marknader er ikkje ressursane i nord mykje verdt.
Det er betydelege utfordringar knytt til skipsfart i arktiske farvatn: Mørketid, nedising av fartøy, mangel på gode kart og pålitelege vervarsel. Dette tilseier eit behov for styrka regionalt og internasjonalt samarbeid. Det gjer det endå viktigare at Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk no kjem på plass.
Noreg har overteke formannsskapet for styringskomiteen i 2011. Det gir oss eit særleg ansvar for å sikra framdrifta og nå resultat. Det arbeidet er vi no godt i gang med.
Tre hovudoppgåver peikar seg ut:
1: Få på plass leiar for sekreteriatet.
Målet er å ha ein direktør på plass i løpet av våren og vera operative over sommarferien. Sekreteriatet er som kjent lokalisert saman med den Nordiske Investeringsbanken i Helsinki.
2: Få på plass mellombels løysing.
Finland og Litauen har stilt med to nasjonale ekspertar som tar fatt i desse dagar.
Dei står inntil vidare for det faglege arbeidet, fram til ny leiar er på plass.
3: Viktigast av alt: utvikla innhaldet og tiltaka. Her er det fire hovudmål for Partnarskapet for transport og logistikk:
- Arbeida saman for å forbetra transportkorridorane mellom deltakarlanda i partnarskapet.
- Framskunda gjennomføring av prosjekt innan transport eller logistisk infrastruktur langs større grenseoverskridande transportårer.
- Framskunda fjerning av flaskehalsar som ikkje kan relaterast til infrastruktur. Til dømes kan grensepassering vera tidkrevjande for vegfarande. På jernbanesida har internasjonale godstransportar stort potensiale for effektivisering.
- Partnarskapet skal setja opp effektive strukturar for gjennomføring av prosjekt og tiltak, og identifisera nye flaskehalsar og tiltak.
Frå norsk side vil vi forsterka dei internasjonale transportkorridorane.
Vegsambandet til Sverige over Svinesund mot Gøteborg og vidare sørover mot Danmark, Tyskland og resten av det europeiske fastlandet er prioritert høgt.
Her er det no firefelts motorveg heile vegen, med eit lite unntak på svensk side.
Dette er ein del av det nordiske triangelet: forbindelsane mellom dei skandinaviske hovudstadane.
Det vil også bli satsa på jernbane og utbetring av dei andre grensekryssande vegane mellom Noreg og Sverige. I Trøndelag er det òg ei viktig jernbanestrekning mot Sverige: Meråkerbanen. Denne skal bli betre. Vi gjennomfører analysar som gje underlag for å vurdera elektrifisering. Det vil effektivisera drifta på banen og gjera den meir miljøvenleg.
Den norske regjeringa har store ambisjonar om å skapa berekraftig vekst og utvikling i nordområda. Vi har i Nordområdestrategien sjølvsagt peika på behovet for å betra transportinfrastrukturen. Vegsambanda mot Russland, Finland og Sverige er viktige og blir satsa på framover. Den tyngste grensekryssande transportkorridoren er utan tvil Ofotbanen mellom Narvik, Kiruna og Bottenvika.
Denne banen har dei seinare åra blitt forsterka til å tola tyngre og lengre tog.
Vi treng meir kunnskap om korleis godsstraumane i nord vil arta seg, ikkje minst i lys av petroleumsaktivitetane og utvida aktivitet i gruve- og malmindustrien. Difor gjennomfører vi ein brei studie av framtidig behov for infrastruktur i nord. Den skal òg ta med tilsvarande planar i nabolanda. Studien skal vera ferdig før sommaren i år. Vonleg vil den gje oss kunnskap som blir nyttig i arbeidet med neste Nasjonal transportplan.
Partnarskapet fekk rett før jul ein svært god rapport: Nordim-rapporten, Eg vil gje honnør til EU-kommisjonen som har vore pådrivar og som har finansiert rapporten.
Rapporten gir viktig kunnskap med tanke på å få på plass nye infrastrukturprosjekt og overvinna logistikkhinder.
Ofte er det nemleg ikkje manglande infrastruktur som hindrar internasjonale transportar. Det oppstår altfor ofte køar ved grensepassering. Det kan også gå for lang tid til klarering av papir, ulike kontrollar og så vidare. Flaskehalsar kan vera mangel på kapasitet, opningstider som ikkje er tilpassa, ulike sporvidder på jernbane eller it-system som ikkje ”snakkar” med kvarandre. Kartlegging av flaskehalsane og realistiske planar for korleis dei kan fjernast er nødvendig.På dette området må det vera eit nært samarbeid mellom statane. Dette vil Partnarskapet for transport og logistikk ta tak i framover.
No er neste mål å vidareutvikla Nordim-rapporten til ein handlingsplan. Denne handlingsplanen blir rett og slett ei konkret prosjektliste. Arbeidet er i gang!
Miljøaspektet er her viktig. Meir effektiv transport sparer drivstoff og gir mindre utslepp. Smartare transportløysingar som gjer bruk av IKT-verkty og god logistikk er òg med på å betra energieffektiviteten.
Avslutningsvis: lat meg nemna at vi toler å bli fleire. Eg veit eg har alle med meg når eg seier at Island er hjarteleg velkomne til å bli med! Eg har store forventningar til partnarskapet og vil nytta høvet til å gje mi fulle støtte til det vidare samarbeidet.
Vi samarbeider godt med Russland, som har formannskapet i høgnivågruppa, med EU-kommisjonen og med Nordisk Investeringsbank.
Samarbeid om god infrastruktur og logistikk på tvers av landegrensene vil bli svært viktig for heile den nordlege dimensjon i framtida. At vi no er i ferd med å få NDPTL operativt lovar godt for framtida! Eg gler meg til å samarbeida med dykk om dette også vidare!
Takk for meg!