Historisk arkiv

Moderne veg- og jernbanenett framfor skattelette

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Hallingdølen, 19. november 2011

Behova innan norsk transportsektor er enorme. Min ambisjon er eit moderne hovudveg- og jernbanenett innan 20 år. Då må samferdsel halda fram med å vera budsjettvinnar – og veg og bane må prioriterast framfor skattelette. Ikkje alle parti innser dette.

Behova innan norsk transportsektor er enorme. Min ambisjon er eit moderne hovudveg- og jernbanenett innan 20 år. Då må samferdsel halda fram med å vera budsjettvinnar – og veg og bane må prioriterast framfor skattelette. Ikkje alle parti innser dette.  

Behova i transportsektoren er enorme! 400-500 milliardar kroner må til for at riksvegane i Noreg skal få god standard. Det viser tal frå  Statens vegvesen si stamnettutgreiing. Tilsvarande tall frå Jernbaneverket viser at 250-350 milliardar kroner er nødvendig for å etablera eit jernbanenett for framtida. Dette tek eg på alvor. I samband med NTP 2014-2023 skal transportetatane blant anna planleggja for ein auke i basisramma på opptil 45 prosent.

Aldri før har det blitt bygd meir enn no. Forslaget til statsbudsjett for 2012 har ført oss eitt år nærare eit moderne veg- og jernbanenett. Budsjettforslaget inneheld ein vekst på 8 prosent samanlikna med 2011. Det gir konkrete resultat: Blant anna får ti større, nye prosjekt startløyving til prosjektering og førebuande arbeid. Fleire av desse får òg anleggsstart. Det blir også lagt til rette for oppstart av tre større jernbaneprosjekt, innfasing av 50 nye togsett, auka punktlegheit, ny grunnrutemodell samt utbetring av ei rekkje stasjonar.

Den raudgrøne regjeringa var den første som har følgd opp Nasjonal transportplan. Då vi for første gong sjølv la fram ein transportplan, skrudde vi nivået kraftig opp. At det nyttar, veit vi! Det store samferdselsløftet dei siste seks åra har gitt resultat på mange område. Frå 2006-2010 er risikoen for å bli hardt skadd eller drepen i trafikken redusert med 30 prosent. I 2009 reiste 40 millionar fleire kollektivt enn i 2005. For første gong går kollektivdelen opp og bilbruken ned.           

Ingen parti som går til val på skattelette vil kunna halda oppe eit slikt trykk. Heller ikkje Høgre eller Framstegspartiet. Mykje arbeid står att. I tillegg til auka løyvingar, må planleggingstida ned. Eg er for at vi skal sjå på ulike finansieringsformer. Til sjuande og sist handlar det likevel om offentlege løyvingar frå staten. Eit parti som senkar skatten, vil ikkje kunna halda oppe eit investeringsnivå i samferdsel slik vi har i dag.