Historisk arkiv

Opning av Gevingåsen tunnel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminsterens tale ved opninga av Gevingåsen tunnel på Nordlandsbanen.

Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen!!!

Å vera samferdselsminister og landa på Værnes i dag,  er stort!

Frå flyet ser vi konturane av eit nytt Trøndelag!

Tre store prosjekt i synsfeltet: Utbetring av flyplassen, ny E6 gjennom Stjørdal, ny tunnel gjennom Gevingåsen!

Dei som enno ikkje trur at regjeringa satsar på samferdsel, kan ta seg ein tur hit!

Eg er trygg på at ordførar Johan Arnt Elverum tek på seg omvising når som helst på døgret, sju dagar i veka!

Kvar einskild av dykk som er her frå Hommelvik skule, frå Lånke skule og alle vi andre som er her i dag, kjem til å seia: Eg var der då tunnelen vart opna!

Min ambisjon er eit moderne jernbane- og hovudvegnett innan 20 år. I dag kan vi gleda oss over eit viktig steg vidare på det sporet!

Vi kjem til å fleire ta viktige val som gjeld denne regionen  i tida framover!

Vi kjem til å ta mange viktige val som gjeld andre regionar. Vi skal binda landet vårt betre saman!

Tunnelarbeida her starta i 2009 med ei kostnadsramme for prosjektet på ca 730 mill. kr.  Jernbaneverket har halde seg innanfor den godkjente ramma. Det er bra!

Eg var her i fjor vinter. Då fekk eg sjå  eit glitrande døme på samarbeid mellom Jernbaneverket, Avinor og Statens vegvesen! Stein til flyplassen til lengre rullebane, oppstillingsplass for fly, sikringssonar, felles rømmingsveg for E6 og jernbanetunnelen.

Då møtte eg også studentar frå NTNU på befaring! Så bra at de tenkjer rekruttering!

Tre viktige føresetnader for å få fleire til å reisa med tog:
Punktlegheit. Reisetid. Kapasitet.

Fleire tog skal no i rute, både for folk og gods.
Eit lettare liv for pendlarane, mål om å dobla godsmengda.
Reisetida vert korta ned, full utteljing får vi når rutetabellen vert lagt om på heile Nordlandsbanen. Og kapasiteten vert betre!

Den som drøymer om flytog til og frå Værnes frå Trondheim, er nærare målet!
Den som drøymer om 1 time og 10 minutt reisetid mellom Steinkjer og Trondheim er nærare målet!

Til dykk i etatane, til entreprenøren og ikkje minst alle de arbeidsfolk med skitne støvlar: Takk for velgjort arbeid – lukke til med nye moglegheiter i to flotte fylke!