Historisk arkiv

Vi byggjer midtdelarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Aftenposten, 22. februar 2011

Innlegg om midtdelarar, publisert i Aftenposten, 22. februar 2011

Aftenposten har dei siste dagane sett søkelys på bygging av midtdelarar på norske vegar.

I 2010 omkom 210 personar på norske vegar. Det er 210 for mange. Vi må likevel
tilbake til 1955 for å finna registrerte tal for trafikkdrepne på eit så  lågt nivå som i fjor. I perioden 1970 til 2009 er talet  halvert, medan trafikken er tredobla. Noreg er blant dei mest trafikksikre landa i Europa.

Midtdelarar er viktig og effektivt. I  eit langstrakt land som vårt, der ein har lagt vekt på å byggja veg også i distrikta, vil det aldri vera mogleg å byggja midtdelarar overalt. Det er på strekningar med stor trafikk eller på strekningar som er særleg belasta med ulukker dei trengst aller mest.Vi må samstundes ta omsyn til utrykkingskøyretøy, snø som samlar seg opp o.a.

Regjeringa legg i Nasjonal Transportplan til grunn 750 km med midttiltak, av dette 250 km med midtdelarar. Vi er i rute. Vi byggjer 25 km med midtdelarar også i år.

Aftenposten trekkjer fram to nye vegprosjekt, E6 Vest for Alta og E39 Astad-Knutset. Begge har relativt liten trafikk, sjølv om dei er klassifisert som europavegar. Gjennomsnittstal på køyretøy per døger ved opning er rekna til høvesvis 1750 og 2400. Per i dag tilseier vegnormalen bygging av tofeltsveg med midtdelar ved årsdøgnstrafikk frå 8000 og oppover.

Ny veg er i seg sjølv tryggare enn gamal veg – også utan midtdelarar. Difor er eg glad for at dei på begge desse stadene er i gang med ny veg no i vinter.

Eg har bedt Vegdirektoratet om å vurdera å etablera midtdelarar også på vegar med lågare trafikk, men med høg ulukkesrisiko. Dei går no gjennom dagens vegar for å sjå om vi nokre stader bør ta slike omsyn sjølv om trafikken er heller låg. Eg har også bedt Vegdirektoratet om ein ekstra gjennomgang – med same føremål – av dei planane som no finst for nye vegar.

Årsakene til ulukkene er samansette. Difor må også løysingane vera det. Høg fart var ei medverkande årsak i over halvparten av dødsulukkene i 2009. Då kan vi ikkje slutta med fartsreduserande tiltak. Vi må halda fram med å arbeida på brei front, med tiltak både på vegsida, overfor førar og på køyretøysida.

Vi kan ikkje byggja oss til nullvisjonen!