Historisk arkiv

Aksjon mot trafikkdød - Agder (Sørlandsparken)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale i høve markering 5. januar 2012.

Kjære etterlatne og pårørande! Kjære dykk som sjølv har vore med i ei trafikkulukke! Kjære dykk som har møtt fram for å visa omsorg og medkjensle - og som engasjerer dykk  i  viktig arbeid mot trafikkdød!

Takk for at eg får vera her saman med dykk i dag!

I 2011 mista Agder-fylka ni menneske i meiningslause trafikkulukker. Ni dyrebare menneske – kvinner og menn i alle aldrar. Året før gjekk 19 liv tapt. Året før det 18. Aller verst var det i 1999. Då døydde  38 personar  i trafikken på Agder.

Kvart einaste år får nye familiar liva sine snudd opp ned. Mange for alltid. Varige skadar. Sorg. Sakn. Og ikkje minst skuldkjensle. Om eg berre ikkje hadde gjort slik! Om eg berre hadde sagt sånn.

Det gjer vondt!

Eg mista ei nær veninne då ho var 17 år og eg 18. Ei såkalla ungdomsulukke. I heimen hennar stod det for alltid ein stol tom. Eg tek meg i å tenkja på henne enno. Det hender rett som det er at eg gløymer fødselsdagar, til og med til nokon som står meg nær. Hennar hugsar eg kvart einaste år.

Kvar gong eg som samferdselsminister får ei melding om eit dødsfall i trafikken, går det inn på meg. Eg tenkjer på han eller ho som har mista livet. På familien. På alt det tunge som er i vente.

Det er brått og brutalt å mista eit familiemedlem eller ein kjær ven – det  å oppleva at nokon nær oss blir drept eller alvorleg skadd, det er noko av det tyngste og vanskelegaste vi kan oppleva i livet.

De har arrangert Aksjon mot trafikkdød her i Agder-fylka sidan 1998.

Det tyder på eit stort lokalt engasjement.

Eg veit at de deler – eg veit at de  arbeider for – den same visjonen som regjeringa har: Null drepne og hardt skadde i trafikken.

Vi må alltid ha nullvisjonen for auga. Vi kan ikkje godta at trafikken drep. Vi har ingen å mista!

Heldigvis er vi på rett veg. På landsbasis har vi mista 38 færre i trafikken enn i fjor, her i Agder-fylka er talet 10 færre.

Det er ei mager trøyst for dei som allereie er råka. Det gir likevel håp for  framtida!

Det nyttar å engasjera seg!

I Agder-fylka har de arbeidd systematisk med trafikksikkerheit gjennom mange år.

To fylkeskommunar har samla seg om ein felles strategiplan for trafikksikkerheit. De samarbeider nært med politiet, Statens vegvesen og Trygg trafikk.

Årsakene til trafikkulukker er samansette. Derfor må tiltaka også vera det.

Nye vegar og utbetring av eksisterande vegar i regionen har gjort det tryggare å ferdast i trafikken. I mai i fjor var eg på synfaring langs E39 og E 18.  Vi stoppa på stader som fekk midlar i revidert statsbudsjett til trafikksikkerheitstiltak. Fleire av desse prosjekta er no ferdigstilte –  midtrekkverk i Trybakken og ved Flekkefjord. Og lys i tre av fire tunnelar mot Rogaland. De har markert ferdigstilling av midtrekkverk  på E18 Bie-Frivoll. Temse-Bie er godt i gong. Det same er fleire andre prosjekt. To andre strekningar med midtrekkverk er opna i år, fleire kjem.

Vi  kan aldri byggja oss til nullvisjonen. Som bilførarar og fotgjengarar har vi alle eit ansvar. Altfor ofte skuldast trafikkulukkene brot på trafikkreglane.

Vi har blitt flinkare til å køyra bil. Vi tek meir ansvar. Vi brukar bilbelte oftare. Vi   har senka farten.

Det er eit resultat av målretta arbeid mot bilførarane: Fleire automatiske fartskontrollar, kontrollar i regi av politi og vegvesen, nedsette fartsgrenser, skjerpa prikkbelastningsordning, informasjonskampanjar…

I tillegg kjem gode konkrete lokale tiltak : trafikkopplæringa for unge på Trafoen i Sørlandsparken, trafikkgarden i Arendal med sykkelopplæring for alle femteklassingar, nullvisjonskommunane som de har oppretta i Listerregionen og i Audnedal, Marnardal og Åseral.

Det er det systematiske, langvarige og langsiktige arbeidet som verkar. Og at alle tar ansvar. Vi må ikkje gløyma det sjølvsagte: Å køyra rusfritt, bruka bilbelte og halda oss innanfor fartsgrensa. Som fotgjengar er refleksen eit enkelt og effektiv trafikksikkerheitstiltak. Bruk refleks!

Vi veit altså at det nyttar. Eg vil oppmoda alle som er her i dag om å fortsetja arbeidet mot trafikkdød – kvar på sin måte.

Som samferdselsminister kan eg lova dykk at trafikksikkerheit er jobb nummer ein i Samferdselsdepartementet.

Markeringar som denne her i dag, set søkelyset på omfanget av ulukkene. Vi blir minna om  at dette er noko som kan ramma oss alle. Eg har djup respekt for  dei som har mista livet i trafikken. Eg  har medkjensle med dei skadde, etterlatne og pårørande.

Eg vonar denne stunda gir dykk rom for sorg og ettertanke, men også for håp.

Takk for meg.