Historisk arkiv

Innlegg - Misforstått om NSB-avtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Aftenposten 10. januar 2012.

Innlegg av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, publisert i Aftenposten 10. januar 2012.

Anne Haabeth Rygh i Forbrukerrådet er langt frå nøgd med ambisjonsnivået i kjøpsavtalen for persontrafikk som staten nylig har inngått med NSB for seks år framover. Det kunne vi lesa i Aftenposten torsdag 5. januar under tittelen ”Ny NSB-avtale får slakt”.

Eg stiller meg undrande til Ryghs reaksjonar.

Hovudpoenget med den nye avtalen er nettopp at den sikrar eit betre togtilbod for passasjerane. Avtalen inneber for det fyrste at ny grunnrutemodell gradvis blir innført i Austlandsområdet. Det betyr fleire og jamnare togavgangar for dei aller fleste, auka setekapasitet og betre punktlegheit.

For det andre er avtalen utforma slik at NSB får eit svært sterkt insentiv til å auka talet på  passasjerar - noko som nettopp krev eit betre togtilbod og nøgde passasjerar. NSB sit nemleg med hovuddelen av risikoansvaret. Om dei ikkje når anslaget som ligg til grunn for avtalen om å auka talet på passasjerar i Austlandsområdet med 26 prosent innan 2017, inneber det tap. Dette er det viktigaste insentivet i avtalen.

Når det gjeld krava, er kundetilfredsheit eit av fleire som NSB må oppfylla. I tillegg kjem krav til setekapasitet, regularitet og punktlegheit. Minimumskravet til kundetilfredsheit  er ein indeks (KTI) på 65 per år. Det er altså dette Rygh reagerer på.

Rygh meiner at ein KTI på 65 er ei håplaus lav målsetting å ha fram mot 2017. Det ville eg vore samd i om det stemde. Men her har nok Rygh misforstått. Ein KTI på 65 er korkje ei målsetting eller ein ambisjon for NSB, men eit minimumskrav frå staten. Kjem NSB under dette nivået, må dei betale tilbake pengar.

Eg er trygg på at NSB har heilt andre ambisjonar når det gjeld å få nøgde kundar. Det viser den ambisiøse kjøpsavtalen som nyleg er underteikna.