Historisk arkiv

Snodig frå Høgre om kollektivsatsing og bustadmarknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg i Dagens Næringsliv 13. februar 2012

Innlegg om kollektivtransport og bustadbygging av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Høgre-leiar Erna Solberg meiner at staten er ein bremsekloss for kollektivutbygginga i og rundt dei store byane våre (DN 7. februar).

Det er ein snodig påstand. Sjølvsagt er det ikkje slik. Det er jo nettopp den raudgrøne regjeringa som har teke dei store utfordringane i norsk samferdsel på alvor, og som har lagt dei store pengane på bordet. Aldri før har aktiviteten vore større!

Velkomen etter

I innlegget etterlyser Solberg raskare og smidigare planlegging og regulering. Ho seier at Høgre står klar med fleire titals milliardar til eit løft for kollektivtransporten. Tanken er at betre kollektivtilbod inn og ut av dei store byane, saman med meir effektiv arealplanlegging og regulering, vil dempe det store presset i bustadmarknaden.

Vi er freista til å seie: Velkomen etter!

Forslaget til neste Nasjonal transportplan kjem snart. Dei statlege transportetatane har fått i oppdrag å planleggje for fleire rammer, ei av dei ei auka ramme på 45 prosent. Og etatane som står bak forslaget, har fått ei klar oppgåve frå regjeringa:  Effektiv og miljøvenleg persontransport inn og ut av dei store byane skal vere eit av hovudmåla.

Vår ambisjon er eit tipp topp moderne hovudveg- og banenett innan 20 år. Då må løyvingane aukast, pengane må brukast smartare og planleggingsprosessen må bli meir effektiv. Alt dette er vi godt i gang med!

Vi leverer

Denne regjeringa har høge ambisjonar. Men viktigare: Vi leverer varene!

Sidan den raudgrøne regjeringa tok over i 2005, er løyvingane til veg og bane auka med meir enn 54 prosent. Vi løyver no 12 milliardar (2012-) kroner meir per år til veg og bane enn før 2005.

Den store satsinga på jernbanen i Austlandsområdet er eit godt døme på at vi er godt i gang med satsinga på kollektivtransport i og rundt storbyane. I desember i fjor starta vi arbeidet med ein ny nasjonal kollektivstrategi. Den skal vere klar i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan.

Storbyane  og problemstillingar knytt til dei vil bli viktig framover. Her kan vi  ikkje ”vegbyggje” oss ut av kø- og miljøproblema. Størstedelen av den komande trafikkveksten er det kollektivtrafikken på buss og bane som må ta. Eit slikt kollektivløft er regjeringa godt i gang med.

Lokale tiltak nødvendig

Skal vi få til meir effektiv og miljøvenleg transport i storbyområda, må ein på lokalt hald også vere villige til å gjennomføre restriktive tiltak overfor personbiltrafikken. Strengare parkeringsreguleringar, køavgift og tidsdiffirensierte bompengesatsar er tiltak som har vist seg å vere effektive, men som ein høyrer lite om frå leiande Høgre-hald.

Vi treng dessutan sterkare og betre styrt fortetting i bustad-  og næringsområde langs viktige kollektivårer og knutepunkt. Då får samfunnet også meir att for dei store investeringane som er lagt ned i infrastrukturen på veg og bane. Dette gjeld  til dømes for område langs jernbanen i Oslo-området og langs ein del strekningar på T-banen.

Solberg ynskjer og at stat og kommune skal arbeide raskare og meir smidig med å regulere areal til bustadbygging. Her vil vi òg seie velkomen etter.

Betre prosessar

Regjeringa har nyleg varsla at vi vil sjå nærare på korleis vi kan kutte byråkratiet i byggjeprosessar med mål om å spare mange månader i sakshandsamingstid. Vi vil ha på plass ein tettare og meir effektiv plan- og byggjeprosess. Det betyr at delar av byggjesaka kan avklarast i planprosessen.

Dette er viktig for å få fortgang i bustadbygginga, utan at det går ut over kvaliteten på bygga.