Historisk arkiv

Ulykkesmarkering på Dokka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppas tale ved Ulykkesmarkering på Dokka, Oppland, 10. januar 2012.

Kjære etterlatne og pårørande!
Kjære dykk som sjølv har vore med i ei trafikkulukke!
Kjære dykk som til dagleg arbeider med trafikkulukker!
Kjære dykk som har møtt fram for å visa omsorg og medkjensle!

I 2011 mista de i Oppland 19 menneske i meiningslause trafikkulukker. 19 dyrebare menneske. Kvinner og menn i alle aldrar. I tillegg blei 45 hardt skadd.

Kvart einaste år får nye familiar liva sine snudd opp ned. Mange for alltid. Varige skadar. Sorg. Sakn. Og ikkje minst skuldkjensle. Om eg berre ikkje hadde gjort slik! Om eg berre hadde sagt sånn.

Det gjer vondt!

Eg mista ei nær veninne då ho var 17 år og eg 18. Ei såkalla ungdomsulukke. I heimen hennar stod det for alltid ein stol tom. Eg tek meg i å tenkja på henne enno. Det hender rett som det er at eg gløymer fødselsdagar, til og med til nokon som står meg nær. Hennar hugsar eg kvart einaste år.

For nær 20 år sidan var eg augnevitne til at ein eg kjenner godt, ein firebarnsfar, vart meia ned av ein møtande bil. Han vart hardt skada, bilen smadra.

Kvar gong eg som samferdselsminister får ei melding om eit dødsfall i trafikken, går det inn på meg. Eg tenkjer på han eller ho som har mista livet. På familien. På alt det tunge som er i vente.

Det er brått og brutalt å mista eit familiemedlem eller ein kjær ven – Det  å oppleva at nokon nær oss blir drept eller alvorleg skadd, det er noko av det tyngste og vanskelegaste vi kan oppleva i livet.

Det er 15. gong de får i stand ei slik ulukkesmarkering her i Oppland.

Det tyder på eit stort lokalt engasjement.

Eg veit at de deler – eg veit at de  arbeider for – den same visjonen som regjeringa har: Null drepne og hardt skadde i trafikken.

I Oppland har de særleg store utfordringar. De er blant dei fylka i landet som har høgst tettleik av bilar. Gjennomfartstrafikken er stor. Mange bur slik at de må køyre bil eller ta buss til arbeid og skule.

Mange ungdomsmiljø i Oppland set bil og bilkøyring høgt. Dette tema for ei Brennpunkt-program om trafikksikkerheit i haust. Lars Ola frå Otta delte si historie - Han blei dømt til fengsel etter å ha nær drepe seg sjølv og fire andre i ei stygg ulukke . Ei sterk historie! Ein modig ungdom!

De har ein offensiv handlingsplan for trafikksikkerheit i Oppland. Seminaret i dag er og eit døme på det.

Gjennom systematisk arbeid og godt samarbeid på tvers av etatar og organisasjonar  arbeider de målretta for å betra trafikksikkerheita i Oppland.

Vi byggjer meir veg. Vi utbetrar vegar. Skuleskyssen blir sikrare. Politi og vegvesen utfører fleire kontrollar. Vi har innført lågare fartsgrenser, skjerpa prikkbelastning, betra opplæringa. Vi er mange i lag om ulike kampanjar og informasjonstiltak.

I motsetnad til i resten av landet, der nedgangen har vore markant, er talet på drepne høgare i Oppland i 2011 enn året før. Saman med Hordaland er de det fylket i landet som i 2011 hadde flest drepne.

Tala på ulukker og hardt skadde har gått markant ned, også i Oppland. Det gir grunn til optimisme. Det er likevel ei fattig trøst for dei familiane som allereie er råka. For dei som har mista sine – eller er skadd for livet – hjelper det lite med positiv statistikk.

Det kan likevel gi inspirasjon til fortsatt engasjement.

Eg vil oppmoda alle som er her i dag om å fortsetja arbeidet mot trafikkdød – kvar på sin måte.

Som samferdselsminister kan eg lova dykk at trafikksikkerheit er jobb nummer ein i Samferdselsdepartementet.

Markeringar som denne her i dag, set søkelyset på omfanget av ulukkene.. Vi minnest  dei som har mista livet i trafikken. Vi viser medkjensle og omsorg med dei skadde, etterlatne og pårørande. Vi blir minna om  at dette er noko som kan ramma oss alle

Eg vonar denne stunda gir rom for sorg og ettertanke, men også for håp.

Takk for meg!