Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 53/2006
Dato: 25. april 2006

Priv. til red.:
Frå statsministerens program veke 18

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.


Onsdag 26. april:
Kl. 11.30 tek statsministeren imot den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved ankomsten.

Etter samtalen, om lag kl. 12.25, er dei to tilgjengelege for pressefolk, på Statsministerens kontor.

Kl. 18.00 er statsministeren vert for ein middag i høve den palestinske presidentgjestinga, i Regjeringa sin representasjonsbustad Parkveien 45 i Oslo. Det er høve til å fotografere idet gjestene kjem.

For fleire detaljar i president Abbas si gjesting, viser vi til eiga melding.


Fredag 28. april:
Kl. 13.00 deltek statsministeren på Econ sitt jubileumsseminar, i Postbygget i Oslo.


Måndag 1. mai:
Statsministeren feirar dagen i Verdal i Nord-Trøndelag og Hommelvik i Sør-Trøndelag. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Kl. 12.00 kjem statsministeren til Verdalsøra, for å gå i toget frå Verdal bu- og helsetun.

Kl. 13.00 held statsministeren talen for dagen på Minsås plass på Verdalsøra. Deretter reiser statsministeren til Hommelvik.

Kl. 15.00 deltek statsministeren i 1. mai-toget frå Folkets Hus i Hommelvik.

Kl. 16.00 held statsministeren talen for dagen i Folkets Hus i Hommelvik.


Etter arrangementet reiser han attende til Oslo.