Historisk arkiv

Behov for styrkt innsats mot barne- og mødredød

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Det er behov for ein styrkt innsats dersom me skal nå FNs tusenårsmål om redusert barne- og mødredød. Statsminister Jens Stoltenberg og andre toppleiarar i nettverket som jobbar for å redusera barne- og mødredød har difor sendt brev til den japanske statsministeren, som er vert for G8-toppmøtet i Japan i neste veke. I brevet ber dei statsminister Fukuda om å fokusera på dette spørsmålet på toppmøtet.

Stoltenberg har tatt initiativet til nettverket for å gjera toppleiarar over heile verda ansvarleg  for å gjennomføra tusenårsmål nummer fire og fem innan 2015.

Les brevet frå statsminister Jens Stoltenberg, Tanzanias president Kikwete, Mosambiks president Guebuza, Chiles president Bachelet, Brasils president da Silva, Liberias president Johnson Sirleaf, Senegals president Wade og Graça Machel her.