Historisk arkiv

Diskuterte næringslivssamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Oslo: Statsminister Jens Stoltenberg møtte fredag den slovakiske statsministeren Robert Fico. Dei to diskuterte blant anna det veksande næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Slovakia.

Oslo: Statsminister Jens Stoltenberg møtte fredag den slovakiske statsministeren Robert Fico. Dei to diskuterte blant anna det veksande næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Slovakia.

Stoltenberg og Fico diskuterte dessutan energi- og klimaspørsmål, blant anna nærare samarbeid mellom Noreg og Slovakia når det gjeld fornybar energi. Internasjonale spørsmål, som situasjonen i Georgia, i Afghanistan og på Balkan, vart også diskutert.

– Det har vore eit konstruktivt møte. Det er opplagt at Slovakia og Noreg har felles interesse av eit nærare samarbeid når det gjeld næringsliv og energi, sa Stoltenberg etter møtet.

Robert Fico og Jens Stoltenberg på Tøyen hovedgård i Oslo. Foto: SMK
Oslo: Statsminister Jens Stoltenberg møtte fredag den slovakiske statsministeren Robert Fico på Tøyen hovedgård. Foto: SMK.