Historisk arkiv

Diskuterte tryggleik i trafikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og samferdselsministeren inviterte måndag til samråd om samferdsel, for å få innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik.

Statsministeren og samferdselsministeren inviterte måndag til samråd om samferdsel, for å få innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik.

- Dette har vore eit viktig og nyttig møte der me har diskutert arbeidet med trafikktryggleik. Bakgrunnen for møtet er at me legg fram Nasjonal transportplan etter nyttår, og der står tryggleik i trafikken sentralt, sa statsminister Jens Stoltenberg etter møtet.

Trygg Trafikk, Norges Automobilforbund, Landsforeningen for trafikkskadde, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Trafikkforum, Syklistenes Landsforbund og Nei til Frontkollisjoner deltok på møtet med statsministeren og samferdselsministeren.

- Regjeringa vil snu den negative ulykkesutviklinga me har hatt i 2008, og legg vekt på eit breiast mogleg samarbeid med organisasjonane som arbeider med trafikktryggleik, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete. 

- Trafikkulykker er eit av dei største samfunnsproblema våre. Det er uakseptabelt at så mange menneske døyr i trafikken kvart år, sa Stoltenberg.

Tiltak mot dei mest alvorlege ulykkene skal prioriterast i 2009, mellom anna gjennom bygging av midtrekkverk, bruk av siderekkverk, sperreområde og anna midtmarkering. Ei hovudutfordring er å utvikle enda meir effektive tiltak retta mot høgrisikogrupper og risikoframferd i trafikken. Høg fart, manglande bruk av bilbelte og køyring i ruspåverka tilstand er dessverre framleis årsak til mange av dei alvorlegaste ulykkene i vegtrafikken. 

Liv Signe Navarsete og Jens Stoltenberg
Statsministeren og samferdselsministeren inviterte måndag til samråd om samferdsel, for å få innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik. Foto: SMK.