Historie: Statsministerens kontor blir til
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 28.07.2008
Statsministeren har hatt eit eige sekretariat med fleire medarbeidarar sidan regjeringa kom tilbake til Oslo i 1945, etter eksil i London under andre verdskrig. I 1950 vart namnet "Statsministerens kontor" offisielt teke i bruk, og i 1956 vart kontoret formelt etablert med tre statssekretærar og embetsverk.
Statsministeren har hatt eit eige sekretariat med fleire medarbeidarar sidan regjeringa kom tilbake til Oslo i 1945, etter eksil i London under andre verdskrig. I 1950 vart namnet "Statsministerens kontor" offisielt teke i bruk, og i 1956 vart kontoret formelt etablert med tre statssekretærar og embetsverk. I 1969 vart oppgåvene til Statsrådssekretariatet lagt til Statsministerens kontor.
Statsministerens kontor har ansvar for sentrale sekretariatsoppgåver som har vore utført utan avbrot sidan oppløysinga av det dansk-norske rike vinteren 1814.
Les historia om Statsministerens kontor her.
Høgblokka, der Statsministerens kontor held til, stod ferdig i 1958. Dei to øvste etasjane er bygd seinare. Foto: SMK.