Lovande samarbeid med Brasil
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 15.09.2008 | Sist oppdatert: 31.03.2009
– Brasils kontinentalsokkel er eit av dei mest lovande områda for utvinning av olje. Ingen stader i verda investerer norske selskap meir enn i Brasil, og utsiktene for å utvida samarbeidet er gode. Samtidig må me ta klimautfordringa på alvor, sa statsminister Jens Stoltenberg på eit næringslivsseminar i Brasil i dag.

Statsministeren opna i dag eit seminar i Rio de Janeiro om norsk-brasiliansk teknologisk samarbeid. Seminaret blir arrangert i samband med statsministerens reise i Latin-Amerika, og mange norske og brasilianske bedrifter deltok på seminaret. Statsministeren framheva kompetansen til norske bedrifter.
– Gjennom utviklinga av banebrytande teknologi er norske bedrifter i dag i stand til å operera trygt på djupt vatn, i uvær, i barskt klima og i sårbart miljø. Brasilianske selskap er saman med Noreg verdsleiande på djupvassboring etter olje, og dette legg grunnlaget for det breie og gode samarbeidet mellom norsk og brasiliansk oljeindustri, sa Stoltenberg i talen sin.
– Fossilt brensen vil i lang tid framover vera hovudkjelda til energi. Samtidig må utsleppa av klimagassar kuttast drastisk, og Noreg satsar difor på CO2-handtering. Som petroleumsland har både Brasil og Noreg eit ansvar for å bidra til at olje og gass blir produsert med så låge CO2-utslepp som mogleg, sa Stoltenberg.
Statsministerens er på reise i Latin-Amerika, der han skal besøkja Brasil og Chile. Reisa markerer det stadig tettare samarbeidet mellom Noreg og dei to søramerikanske landa.
Meir om gjestinga på heimesida til den norske ambassaden i Brasil.