Møtte næringslivet på Møre
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 05.11.2008
Statsminister Jens Stoltenberg møtte tysdag næringslivet på Møre for å diskutera den internasjonale finansuroa. – Styresmaktene følgjer situasjonen tett og vil setja inn nødvendige verkemiddel der det trengs og når det trengs, sa Stoltenberg.
Statsminister Jens Stoltenberg møtte tysdag næringslivet på Møre for å diskutera den internasjonale finansuroa. – Styresmaktene følgjer situasjonen tett og vil setja inn nødvendige verkemiddel der det trengs og når det trengs, sa Stoltenberg.
I Ålesund hadde statsministeren møte med Sparebanken Møre og fylkesdirektøren i Møre og Romsdal. På møtet blei situasjonen for banknæringa og utsiktene for næringslivet i fylket diskutert.
Deretter reiste statsministeren og nærings- og handelsminister Sylvia Brustad vidare til Ulsteinvik og Hjørungavåg. I Ulsteinvik besøkte dei Rolls-Royce, som leverer marine framdrifts- og navigasjonssystem til heile verda. I Hjørungavåg besøkte dei Odim, som blant anna leverer kabel- og ankerhandteringssystem til den internasjonale offshoremarknaden.
Ålesund: Statsminister Jens Stoltenberg og nærings- og handelsministern på båten frå Ålesund til Hareid. Foto: SMK.
– Den maritime klynga på Møre er verdsleiande. Dette er ei internasjonal næring som er avhengig av det som skjer ute i verda og som er sårbare for svingingar i dei internasjonale marknadene, sa Stoltenberg.
Statsministeren viste til at den internasjonale finansuroa også vil råka Noreg. Regjeringa følgjer difor situasjonen tett og er oppteken av å vera i direkte kontakt med dei som blir berørt.
– Forslaget til statsbudsjett er ekspansivt og godt tilpassa situasjonen. Styresmaktene følgjer situasjonen tett og vil setja inn nødvendige verkemiddel der det trengs og når det trengs. Men då er det avgjerande å ha god kunnskap om situasjonen, sa Stoltenberg.
Ulsteinvik: Plassjef Dag Skarbø (i midten) saman med nærings- og handelsminister Sylvia Brustad og statsminister Jens Stoltenberg. Foto: SMK.
Ulsteinvik: Rolls-Royce i Ulsteinvik produserer blant anna propellar til verdsmarknaden. Foto: SMK.