Statsministeren besøkte Bergen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 22.10.2008
Statsminister Jens Stoltenberg markerte 30-årsjubileet for Norsk Luftambulanse, opna den nye tørrdokken på Haakonsvern og besøkte tomta til nye Gulating lagmannsrett då han besøkte Bergen 21. oktober.
Statsminister Jens Stoltenberg markerte 30-årsjubileet for Norsk Luftambulanse, opna den nye tørrdokken på Haakonsvern og besøkte tomta til nye Gulating lagmannsrett då han besøkte Bergen 21. oktober.
I samband med 30-årsjubileet til Norsk Luftambulanse besøkte statsministeren og forsvarsministeren Bjørndalsskogen skole i Loddefjord. 7. klasse ved skulen er med på verdas største opplæringskampanje i hjarte-lungeredning, saman med 60.000 andre sjuandeklassingar i landet.
– Eg er imponert over elevane. Det er veldig viktig at folk lærer livredning, sa Stoltenberg.
Statsministeren og forsvarsministeren besøkte deretter Haakonsvern, der statsministeren opna den nye tørrdokken. Dokken har imponerande dimensjonar. Den er 143 meter lang, 24 meter brei og 37 meter høg.
– Tørrdokken står klar to og eit halvt år etter at regjeringa gjekk inn for bygging, og Forsvaret vil no til ei kvar tid ha tilgang til dokk for dei nye fregattane og dei andre fartøya i det nye Sjøforsvaret. Dette er eit løft for Forsvaret og eit løft for Bergen som forsvarsby, sa Stoltenberg.
I Bergen sentrum besøkte statsministeren tomta til nye Gulating lagmannsrett, der han møtte representantar for bygge- og anleggsnæringa i Bergen. Regjeringa har foreslått 20 millionar kroner til å setja i gang bygginga av nye lokale for lagmannsretten i 2009. Det vil føra til at lagmannsretten får nye og funksjonelle lokale som legg til rette for effektiv saksavvikling, samtidig som omsynet til tryggleik, tilgjengelegheit og openheit blir ivaretatt.
– Det har lenge vore snakk om statlege byggeprosjekt i Bergen, og behovet for å koma i gang med bygging. I statsbudsjettet for 2009 har regjeringa tatt tak i dette, sa Stoltenberg.
Bjørndalsskogen skole: – Eg er imponert over elevane. Det er veldig viktig at folk lærer livredning, sa Stoltenberg. Foto: SMK.
Haakonsvern: Statsministeren og forsvarsministeren inne i den nye tørrdokken. Foto: Vegard Grøtt/Sjøforsvaret.
Nye Gulating lagmannsrett skal reisast på denne tomta i Bergen sentrum. Foto: SMK.