Diskuterte klima og finanskrise med Zapatero
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 18.05.2009 | Sist oppdatert: 19.05.2009
Statsminister Jens Stoltenberg møtte Spanias statsminister Jose Luis Rodrigez Zapatero 17. mai. Zapatero deltok i 17. mai-feiringa i Alfaz del Pi, og dei to hadde politiske samtalar.
Statsminister Jens Stoltenberg møtte sin spanske kollega Jose Luis Rodriguez Zapatero 17. mai. Zapatero deltok i 17. mai-feiringa i Alfaz del Pi, og dei to hadde politiske samtalar.
Finanskrisa var eit sentralt tema under samtalane mellom Stoltenberg og Zapatero. Spania er blant dei landa i Europa som er hardast ramma av finanskrisa.
– Me diskuterte ulike tiltak for å stimulera og regulera økonomien. Det som skjer no, er uttrykk for at marknaden ikkje kan overlatast til seg sjølv, men må styrast, seier Stoltenberg.
Dei to diskuterte også klima. Både Stoltenberg og Zapatero er samde om at det er viktig å få på plass ein klimaavtale på konferansen i København før jul.
– Dette er viktige spørsmål der Noreg og Spania har same tilnærming. Det at me brukte mykje tid på klima er eit uttrykk for at både Zapatero og eg gjerne vil bidra til at det blir ein avtale om klima før jul, seier Stoltenberg.
Statsminister Jens Stoltenberg deltok på feiringa av den norske nasjonaldagen i Torrevieja, Villajoyosa og Alfaz del Pi. Stoltenberg hadde invitert Zapatero til å delta på 17. mai-feiringa på Costa Blanca, og Zapatero kom for å delta på arrangementet i Alfaz del Pi.
– At ein spansk statsminister er med på å feira den norske nasjonaldagen her i Spania, er eit uttrykk for det nære forholdet mellom dei to landa våre som eg set svært stor pris på, seier Stoltenberg.
Se flere bilder fra statsministerens 17. mai-feiring i Spania.
Alle foto: Statsministerens kontor.