17. mai-feiring i Spania
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 14.05.2009 | Sist oppdatert: 15.05.2009
Statsminister Jens Stoltenberg skal feira 17. mai saman med nordmenn i Alicanteområdet i Spania. Same dag møter han Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero.
Statsminister Jens Stoltenberg skal feira 17. mai saman med nordmenn i Alicanteområdet i Spania. Same dag møter han Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero.
Det er 17. mai-komiteen i Alicanteområdet som har invitert statsministeren til å delta på feiringa av nasjonaldagen.
Statsministeren skal delta på feiringa av den norske nasjonaldagen i Torrevieja, Villajoyosa og Alfaz del Pi. Same dag møter han dessutan Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero. Stoltenberg har invitert Zapatero til å delta på 17. mai-feiringa på Costa Blanca, og Zapatero kjem til å delta på arrangementet i Alfaz del Pi.
- Eg set stor pris på at statsminister Zapatero tek seg tid til å feira 17. mai saman med nordmennene på Costa Blanca. Det understrekar ikkje berre det tette bandet mellom Noreg og Spania, men også den berømte gjestfridomen som møter alle nordmenn i Spania, seier Stoltenberg.
Stoltenberg og Zapatero skal også ha politiske samtalar under besøket i Alfaz del Pi.
- Me vil diskutera dei store utfordringane me står overfor, som den internasjonale økonomiske krisa og kampen mot menneskeskapte klimaendringar, seier Stoltenberg.
Stoltenberg besøkjer også Norsk Revmatikerforbunds behandlingssenter Reuma-sol og den norske skule i Rojales, i tillegg til at han deltek på eit møte i regi av det lokale Arbeidarpartilaget i området.
Statsministerens program startar laurdag 16. mai og vert avslutta måndag 18. mai.