Fekk innspel frå økonomar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 12.01.2009 | Sist oppdatert: 13.01.2009
Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete møtte måndag økonomar frå Universitetet i Oslo, Statistisk sentralbyrå, BI og Norges Handelshøyskole for å diskutera den økonomiske situasjonen.
Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete møtte måndag økonomar frå Universitetet i Oslo, Statistisk sentralbyrå, BI og Norges Handelshøyskole for å diskutera den økonomiske situasjonen.
– Me har hatt eit godt møte, der me har drøfta det økonomiske tilbakeslaget og tiltak for å tryggja norske arbeidsplassar, seier statsminister Jens Stoltenberg.
Økonomane Karen Helene Ulltveit-Moe (UiO), Øystein Olsen (SSB), Asbjørn Rødseth (UiO), Erling Steigum (BI) og Øystein Thøgersen (NHH) var opptekne av at regjeringa fører ein politikk som opnar for framleis låge renter og av at banksystemet kjem i gang igjen. Dei streka under at eventuelle finanspolitiske tiltak burde vera midlertidige, slik at dei kan reverserast når konjunkturane snur.
– Møtet med økonomane går inn i ei lang rekkje av samtalar og møte regjeringa har hatt med bedrifter, organisasjonar og fagforeiningar rundt omkring i landet. Desse møta er med på å gi oss eit betre grunnlag for å ta avgjerder når me no går inn i den avgjerande fasen med å setja saman regjeringa sin tiltakspakke, seier Stoltenberg.
Regjeringa sin tiltakspakke skal leggjast fram 26. januar.
Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete møtte måndag økonomar frå Universitetet i Oslo, Statistisk sentralbyrå, BI og Norges Handelshøyskole for å diskutera den økonomiske situasjonen. Foto: Scanpix.