Historisk arkiv

Drøfta finansiering av klimatiltak i fattige land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg deltok i dag på det første møtet i FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land. Møtet gjekk føre seg i London, med blant andre statsministrane frå Storbritannia og Etiopia til stades.

Statsminister Jens Stoltenberg deltok i dag på det første møtet i FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land. Møtet gjekk føre seg i London, med blant andre Storbritannias statsminister Gordon Brown og Etiopias statsminister Meles Zenawi til stades.


FNs høgnivågruppe hadde i dag sitt første møte i London. Foto: Downing Street.

Høgnivågruppa vart nyleg oppretta av FNs generalsekretær, og skal arbeida for å mobilisera dei ressursane som vart lovde på klimatoppmøtet i København i desember 2009.

– Det er viktig å etablera levedyktige ordningar for finansiering av klimatiltak i fattige land. Dette vil vera avgjerande for å oppnå semje om ein klimaavtale. Dette møtet markerer starten på denne prosessen, sa Stoltenberg etter møtet i den britiske statsministerbustaden.