Historisk arkiv

Klimasamtalar i Mexico

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg innleia i dag eit to-dagars besøk til Mexico. Klima er hovudtema for besøket. Noreg og Mexico har i lengre tid samarbeidd om forslag til finansiering av klimatiltak i utviklingsland.

Statsminister Jens Stoltenberg innleia i dag eit to-dagars besøk til Mexico. Klima er hovudtema for besøket. Noreg og Mexico har i lengre tid samarbeidd om forslag til finansiering av klimatiltak i utviklingsland. Dette samarbeidet held fram også innanfor FNs høgnivågruppe for klima. 

Statsministeren møter i dag Mexicos president Felipe Calderón. Mexico har ei viktig rolle som vertsland for den neste store klimakonferansen, og dette arbeidet vil også bli diskutert i møta i dag.

Det neste FN-møtet om klima skal haldast i Cancun i Mexico mot slutten av 2010. Stoltenberg og Calderón skal også drøfta næringslivssamarbeid, energispørsmål og arbeidet mot barne- og mødredød.


Statsminister Jens Stoltenberg og Mexicos president Felipe Calderón møttes fredag. Foto: Statsministerens kontor.