Historisk arkiv

Jens Stoltenberg møtte David Cameron

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg møtte den britiske statsministeren David Cameron i London onsdag 19. januar. Stoltenberg deltek i tillegg på ein konferanse med statsministrane frå dei andre nordiske landa, Baltikum og Storbritannia.

Statsminister Jens Stoltenberg møtte den britiske statsministeren David Cameron i London onsdag 19. januar. Stoltenberg deltek i tillegg på ein konferanse med statsministrane frå dei andre nordiske landa, Baltikum og Storbritannia.

Stoltenberg og Cameron diskuterte blant anna det bilaterale forholdet mellom Noreg og Storbritannia, klima- og miljøspørsmål, energipolitikk og utanrikspolitiske saker. Dette var første gong dei to statsministrane møttes.

- Me har lenge vore gode allierte i NATO, ikkje minst i Afghanistan, men me samarbeider tett også når det gjeld kampen mot klimaendringar og for å nå FNs tusenårsmål, seier Stoltenberg.

Under møtet signerte dei to statsministrane eit dokument med hovudprioriteringane for samarbeidet mellom Noreg og Storbritannia i 2011. Av dei prioriterte områda er mellom anna klima, energi og arbeidet med FNs tusenårsmål.

Britisk/nordisk/baltisk konferanse

19. og 20. januar deltek Stoltenberg på ein konferanse med statsministrane frå dei andre nordiske landa, Baltikum og Storbritannia, i tillegg til entreprenørar, næringslivsleiarar og fagekspertise frå dei ulike landa.

Hovudtema for konferansen, som er den første av sitt slag, er grøn økonomi, likestilling og familiepolitikk, teknologi og offentleg sektor. Deltakarane skal utveksla idear og eksempel på innovasjonar og nytenking på desse områda.

Last ned presentasjonane og delta i debatten på nettstaden til konferansen.

Saman med Stoltenberg deltek fem norske ekspertar på ulike felt:

  • Kristin Skogen Lund, president i NHO
  • Siri Kalvig, meteorolog og grunnleggjar av Storm Geo (tidligere Storm Weather Center)
  • Henriette Westhrin, statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
  • Professor Trond Ø. Jørgensen, leiar av Centre on Marine Bioactives and Drug Discovery (MabCent) ved Universitetet i Tromsø
  • Alf Bjørseth, styreleiar og teknologidirektør i Scatec.

 
Statsministrane frå dei nordiske landa, Baltikum og Storbritannia samla i Downing Street nr. 10 onsdag kveld. Foto: Den norske ambassaden i London.