Statsministerens besøk til Japan i mars
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 27.02.2011
Ein stor norsk næringslivsdelegasjon er med når statsminister Jens Stoltenberg reiser på offisielt besøk til Japan i mars. Statsministeren skal delta på ei rekkje arrangement med norsk og japansk næringsliv, i tillegg til audiens hjå keisarparet og politiske samtalar med Japans statsminister.
Ein stor norsk næringslivsdelegasjon er med når statsminister Jens Stoltenberg reiser på offisielt besøk til Japan 14.-18. mars. Statsministeren skal delta på ei rekkje arrangement med norsk og japansk næringsliv. Statsministeren og Ingrid Schulerud skal i audiens hjå keisarparet, og i tillegg skal statsministeren ha politiske samtalar med Japans statsminister Naoto Kan.
– Eg ser fram til å reisa til Japan i mars. Noreg og Japan har nær og god kontakt og samarbeider tett blant anna for å fremja nedrusting og global helse. Eg syns det er flott at mange norske bedrifter deltek i næringslivsdelegasjonen. Eit av måla med besøket er å fremja norsk næringsliv i Japan, blant anna på viktige område som sjømateksport, shipping, reiseliv og energi og miljø, seier Stoltenberg.
Priv. til red.:
Pressekontaktar for besøket er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.