Til Australia med norsk næringsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 08.12.2011
Statsminister Jens Stoltenberg startar i dag eit offisielt besøk til Australia. Statsministeren reiser saman med ein delegasjon på rundt 40 personar frå norsk næringsliv. Frå Perth reiser Stoltenberg vidare til Canberra og Sydney.
Statsminister Jens Stoltenberg startar i dag eit offisielt besøk til Australia. Statsministeren reiser saman med ein delegasjon på rundt 40 personar frå norsk næringsliv. Frå Perth reiser Stoltenberg vidare til Canberra og Sydney.
– Eg ser fram til Australia-besøket. Noreg og Australia har god kontakt og samarbeider tett på område som klima, energi, global helse og nedrusting. I tillegg er Australia eit attraktivt land for norske studentar. Eit av måla med besøket er å fremja norsk næringsliv i Australia, og det er positivt at så mange norske bedrifter deltek, seier Stoltenberg.
Australia er ein interessant marknad for norsk næringsliv. Fleire norske bedrifter er allereie representert i Australia, blant anna innan område som maritime offshoretenester, shipping og olje og gass.
– For eksempel er offshoremarknaden i Australia svært interessant for norsk industri, blant anna fordi det er snakk om utbyggingar langt frå land. Her har norsk industri viktig kompetanse, seier Stoltenberg.
Stoltenberg skal delta på fleire arrangement med norsk og australsk næringsliv. I tillegg skal han ha politiske samtalar med Australias statsminister Julia Gillard.
Statsministeren i Vest-Australia, Colin Barnett, og statsminister Jens Stoltenberg.
(Foto: Statsministerens kontor)