Vil vidareutvikla samarbeidet med Japan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Nyheit | Dato: 01.11.2012
Statsminister Jens Stoltenberg er på offisielt besøk i Japan. Ein norsk næringslivsdelegasjon er med på turen, og statsministeren skal delta på fleire arrangement med norsk og japansk næringsliv. Besøket vart innleia med audiens hjå det japanske keisarparet.

– Eit av måla med besøket er å vidareutvikla det gode samarbeidet med Japan, blant anna på næringslivsområdet. Japan er ein viktig marknad for norske eksportbedrifter og Noreg er ein stor importør av japanske varer, seier Stoltenberg.
Statsministeren skal også ha politiske samtalar med Japans statsminister Yoshihiko Noda. I tillegg besøkjer han blant anna eit beredskapssenter i Tokyo, for å få innblikk i korleis Japan organiserer beredskapsarbeidet. Stoltenbergs besøk til Japan i mars 2011 vart utsett på grunn av det kraftige jordskjelvet og tsunamien som råka landet.
Statsminister Jens Stoltenberg og Ingrid Schulerud på audiens i keisarpalasset. (Foto: AP)