Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 49

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 205/2005
Dato: 2. desember 2005

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 49

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådet sitt møte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 5. desember
Frå måndag morgon 5. til fredag kveld 9. desember er statsministeren på reise til Pakistan, India og Afghanistan. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Statsministeren kjem til Islamabad i Pakistan om kvelden lokal tid, etter å ha reist frå Oslo om morgonen.

Kl. 20.00 deltek statsministeren i ein middag i ambassadør Janis Bjørn Kanavin sin bustad i Islamabad.

Tysdag 6. desember
Om morgonen reiser statsministeren for å sjå på område som vart ramma av jordskjelvet i haust, mellom anna ved Balakot, Mang og Garhi Habibullah. Han møter innbyggjarar og representantar for norske og utanlandske hjelpeorganisasjonar.

Om ettermiddagen reiser statsministeren attende til Islamabad.

Kl. 16.50 vert statsministeren motteken av statsminister Shoukat Aziz i statsministerbustaden i Islamabad, til samtale og pressekonferanse.

Kl. 20.15 er statsministeren gjest under statsminister Aziz sin offisielle middag i høve Stoltenberg si gjesting.

Onsdag 7. desember
Om føremiddagen reiser statsministeren frå Islamabad til New Delhi i India.

Kl. 12.15 gjestar statsministeren ein vaksine-poliklinikk ved Kastorba-sjukehuset i Old Delhi.

Kl. 15.00 gjestar statsministeren Lady Harding-sjukehuset i New Delhi, for å møte vaksine-ekspertar.

Kl. 18.00 kjem statsministeren til Det internasjonale vaksinefondet (GAVI) sin konferanse i New Delhi, der han vil holde tale og vere med i ein middag som den indiske helseministeren gjev.

Torsdag 8. desember
Kl. 11.00 gjestar statsministeren barneskulen Vasant Valley, der det vil vere norsk-indisk konsert i regi av Rikskonsertane og Spic Macay.

Kl. 12.30 møter statsministeren mellom andre den indiske olje- og gassministeren under ein lunsj i ambassadør Jon Westborg sin bustad i New Delhi.

Kl. 14.30 møter statsministeren den indiske presidenten, Abdul Kalam.

Kl. 15.15 møter statsministeren vitskaps- og teknologiminister Kapil Sibal.

Kl. 17.00 møter statsministeren Sonia Gandhi.

Kl. 20.30 vert statsministeren motteken av statsminister Manmohan Singh, til samtale og middag i statsministerbustaden i New Delhi.

Fredag 9. desember
Om føremiddagen reiser statsministeren frå New Delhi. Undervegs til Oslo tek ein sikte på at statsministeren gjestar Kabul i Afghanistan, for samtale med president Hamid Karzai og møte med norske offiserar og soldatar i ISAF-styrken.

Om kvelden er statsministeren attende i Oslo.

Laurdag 10. desember
Kl. 13.00 er statsministeren til stades under utdelinga av Nobels fredspris 2005, i Oslo rådhus.

Kl. 15.00 møter statsministeren fredsprisvinnar Mohamed ElBaradei på Grand Hotell i Oslo. Det er høve til å fotografere.

Kl. 19.00 er statsministeren mellom gjestene ved Nobelbanketten på Grand Hotell i Oslo.