Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 12

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 40-06
Dato: 17.03.06

Frå statsministerens program veke 12

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 17. mars:
Kl. 17.30 deltek statsministeren på årsmøtet i Østfold Arbeiderparti, i Folkets Hus i Sarpsborg. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Sundag 19. mars:
Frå sundag ettermiddag 19. mars til tysdag føremiddag 21. mars leiarr statsministeren den fyrste drøftinga i regjeringa av statsbudsjettet for 2007, på Thorbjørnrud Hotell på Jevnaker. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86 eller 48 08 26 14.

Kl. 16.00 er det høve til å forografere idet regjeringa kjem til Thorbjørnrud.

Kl. 16.45 er det høve til å fotografere idet konferansen startar.

Måndag 20. mars:
Kl. 13.00 har statsministeren og finansministeren pressekonferanse i samband med regjeringa sin budsjettkonferanse på Thorbjørnrud på Jevnaker. Det vert servert lunsj for pressefolk frå kl. 12.00.

Onsdag 22. mars:
Kl. 10.30 talar statsministeren på Arbeidarpartiet sin ordførarkonferanse, på Radisson SAS Scandinavia Hotel i Oslo.

Kl. 13.40 talar statsministeren på KS sin ordførarkonferanse, på Radisson SAS Scandinavia Hotel i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Torsdag 23. mars:
Frå kl. 13.00 leiar statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsstyremøte, i Folkets Hus i Oslo. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Fredag 24. mars:
Fram til kl. 13.00 leiar statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsstyremøte, i Folkets Hus i Oslo. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Tysdag 28. mars:
Tysdag 28. og onsdag 29. mars er statsministeren vert for Russlands statsminister, Mikhail Fradkov, si gjesting i Noreg. Sjå eiga melding om dette herfrå 17. mars. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Pressefolk som tenkjer å dekke heile eller delar av gjestinga, må seinast torsdag 23. mars kl. 16.00 melde frå til Utanriksdepartementet sin presseseksjon: press@mfa.no.

Om morgonen kjem statsminister Fradkov til Gardermoen, der han vert møtt av statsminister Stoltenberg og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen før dei reiser vidare til Aukra i Møre og Romsdal. Akkrediterte pressefolk har høve til å fotografere idet dei to statsministrane møtest på Gardermoen.

Om morgenen vert det sett opp eigen transport for akkreditert presse frå Molde lufthavn Årø til Hydro sitt gassanlegg på Aukra; med retur etter at statsministrane har reist frå Aukra.

Om føremiddagen kjem statsministrane Stoltenberg og Fradkov til Hydro sitt anlegg på Aukra, for å møte leiinga i Hydro og Statoil og for å sjå anlegget. Akkreditete pressefolk har høve til å fotografere fleire stader, også via ein fotopool der norske deltakarar er ANB, NRK/TV, Scanpix og TV2.

Etter gjestinga på Aukra reiser statsministrane attende til Oslo.

Om kvelden er statsminister Stoltenberg vert for ein regjeringsmiddag i høve den russiske gjestinga, på Akershus slott. Akkreditert presse har høve til å fotografere i borggarden. Ein pressepool vil kunne arbeide i det gjestene gjeng til bords; norske deltakarar i poolen er ANB, NRK/TV eller TV2, Scanpix og Se og Hør.

Onsdag 29. mars:
Om morgonen møter statsminister Fradkov statsminister Stoltenberg på Statsministerens kontor. Akkrediterte pressefolk har høve til å fotografere.

Etter møtet har dei to statsministrane sams pressekonferanse for akkreditert presse.

Midt på dagen deltek statsministeren i kong Harald sin lunsj i høve den russiske gjestinga, på Slottet. For pressedetaljar viser vi til Slottet.

Om ettermiddagen møter statsministrane Stoltenberg og Fradkov norske næringslivsleiarar i Regjeringa sin gjestebustad Parkvegen 45 i Oslo. Akkrediterte pressefolk har høve til å fotografere ved innleiinga.

Seint om ettermiddagen reiser statsminister Fradkov attende til Moskva.