Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 61-06
Dato: 05.05.06

Frå statsministerens program veke 19

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 5. mai:
Denne dagen er statsministeren i Wien, for møte med IAEA og EU sitt formannskap. Pressekontakt er ekspedisjonssjef Ingvard Havnen, telefon 95 46 83 83.

Kl. 11.00 møtte statsministeren generaldirektør Mohammad ElBaradei i Det internasjonale atomenergibyrået, i IAEA sine lokaler i Wien.

Kl. 12.30 møtte statsministeren EU-formannskapet dette halvåret, ved Austerrikes forbundskanslar Wolfgang Schüssel, til arbeidslunsj i Bundeskanzleramt i Wien.

Kl. 15.00 møter statsministeren leiaren i det sosialdemokratiske partiet i Austerrike (SPÖ), Alfred Gusenbauer, i SPÖ sitt hovudkvarter i Wien.

Torsdag 11. mai:
Kl. 08.30 talar statsministeren på ein konferanse for dei hovudtillitsvalde i Aker Kværner, på Olavsgård Hotell på Skjetten.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Fredag 12. mai:
Kl. 13.00 tek statsministeren imot leiaren i Den afrikanske unionen, Alpha Oumar Konaré, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved innleiinga.