Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 2

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 6/2006
Dato: 06.01.06

Frå statsministerens program veke 2

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 11. januar:
Kl. 16.00 tek statsministeren imot Tsjekkias statsminister, Jiri Paroubek, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 17.00, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Kl. 19.30 er statsministeren vert for ein middag i høve den tsjekkiske gjestinga, i Parkvegen 45 i Oslo. Det er høve til å fotografere idet gjestene kjem.

For andre detaljar i Paroubek sitt program i Oslo viser vi til eiga melding herifrå 6. januar.

Torsdag 12. januar:
Torsdag 12. og fredag 13. januar gjestar statsministeren Vestfold, Agder-fylka og Rogaland. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Kl. 11.30 gjestar statsministeren Color Line sitt hovudkontor i Sandefjord, for å møte leiarar og tillitsvalde.

Kl. 16.00 gjestar statsministeren Grimstad kulturhus saman med statssekretær Mette Gundersen i Kultur- og kyrkjedepartementet, i samband med at det vert underteikna ein avtale om Grimstad som nasjonalt knutepunkt for dokumentarfilm. Om lag kl. 16.10 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

K. 17.30 har statsministeren arbeidsmiddag med fylkesleiinga i regjeringspartia i Aust- og Vest-Agder, i Lillesand.

Kl. 19.00 talar statsministeren på ope møte i regi av dei tre regjeringspartia, i eTeateret i Lillesand. Frå kl. 18.45 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

Statsministeren reiser vidare til Stavanger om kvelden.

Fredag 13. januar:
Kl. 09.00 held statsministeren føredrag på St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger. Om lag kl. 10.00 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

Kl. 12.00 gjestar statsministeren Kårstø-anlegget på Karmøy, saman med miljøvernminister Helen Bjørnøy og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Dei vil presentere regjeringa sine ambisjonar når det gjeld miljøvenleg gasskraft.

Olje- og energidepartementet har i dag sendt ut presseinvitasjon til gjestinga på Kårstø. Pressefolk som tenkjer å dekke dette må snarast melde frå til Trude Larstad: trude.larstad@oed.dep.no - telefon 936 67 742.

Etter gjestinga på Kårstø reiser statsministeren attende til Oslo.