Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 75-06
Dato: 29.05.06

Frå statsministerens program veke 22

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Torsdag 1. juni
Om ettermiddagen reiser statsministeren til Geneve, i samband med eit møte i FN-panelet som han leier saman med den pakistanske og mosambikanske statsministeren. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Kl. 20.00 har panelet arbeidsmiddag, Hotel Intercontinental.

Fredag 2. juni
Frå kl. 09.00 leier statsministeren møte i panelet som skal kome med framlegg til korleis FN kan effektivisere arbeidet i dei fattigaste landa, i Geneve. Møtet er over om lag kl. 18.30.

Om kvelden reiser statsministeren attende frå Geneve til Oslo.

Tysdag 6. juni
Kl. 13.30 deltek statsministeren under velkomstseremonien for det spanske kongeparet på Slottsplassen i Oslo. For oversyn over programmet for den spanske statsgjestinga viser vi til Slottet.

Kl. 17.10 tek statsministeren imot kong Juan Carlos til samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere utanfor hovudinngangen når kongen kjem. Ein pressepool der ANB, Scanpix og NRK eller TV2 er norske deltakarar, kan arbeide idet samtalen startar i møterommet.

Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene under kong Harald og dronning Sonja sin gallamidddag i høve den spanske statsgjestinga, på Slottet.

Onsdag 7. juni
Kl. 13.00 er statsministeren vert for ein lunsj i høve den spanske statsgjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 12.30. Ein pool der ANB eller NTB, NRK eller TV2, og Se og Hør er norske deltakarar, kan arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords og under talane. NB: den fjernsynsstasjonen som skal dekkje talane, må i god tid strekke lydkabel til uttak i naborommet.

Om ettermiddagen reiser statsministeren til Reykjavik, for å delta på toppmøte i Austersjørådet. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Torsdag 8. juni
Om føremiddagen deltek statsministeren i Austersjørådet sitt toppmøte, i Reykjavik.
Statsministeren er attende i Oslo same ettermiddagen.