Frå statsministerens program veke 24
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 09.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 80/2006
Dato: 9. juni 2006
Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.
Onsdag 14. juni:
Kl. 09.30 tek statsministeren imot Sri Lanka sin
utanriksminister, Mangala Samaraweera, på Statsministerens kontor.
Det er høve til å fotografere idet dei møtest.
Kl. 12.15 talar statsministeren på arbeidslivskonferansen
"BegeistRinger 2006", på Brunstad konferansesenter i Stokke.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85
29 86.
Torsdag 15. juni
Kl 09.00 åpner statsminister Jens Stoltenberg,
finansminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister
Åslaug Haga den utvidede delen av badestranden på Huk på Bygdøy.
Pressekontakt er statssekretær Anne Odden, mobil 97706159
Fredag 16. juni:
Kl. 14.00 tek statsministeren imot Li Changchun frå det
kinesiske politbyrået, på Statsministerens kontor. Det er høve til
å fotografere idet dei møtest.
Kl. 15.00 talar statsministeren på KK/Confex sin konferanse
"Kvinner i vinden", i Oslo Konserthus.
Sundag 18. juni:
Frå 18. juni om kvelden til 20. juni om
ettermidddagen er statsministeren vert for dei nordiske
statsminstrane sitt sommarmøte på Svalbard. Vi viser til tidlegare
melding om dette. Eit hovudtema i møtet er forvaltninga av
nordområda.
Påmelde pressefolk har fått tilsendt eige program.
Pressekontaktar er statssekretær Anne Odden – telefon 97 70 61 59,
og informasjonssjef Øivind Østang – telefon 91 34 64 70.
Statsministrane kjem til Longyearbyen tidleg på kvelden, og
møtest til middag.
Måndag 19. juni:
Kl. 09.00 har dei nordiske statsministrane politiske
samtalar på Polar Hotel Spitsbergen. Samtalane vert avslutta med
sams pressekonferanse om lag kl. 10.30.
Kl. 13.10 deltek statsministrane i markeringa av byggjestart
for det internasjonale frølageret på Svalbard, ved Gruve 3 i
Longyearbyen. For detaljar om lageret og markeringa viser vi til
Landbruks- og matdepartementet, informasjonsrådgjevar Heidi Eriksen
– telefon 97 51 72 27.
Om ettermiddagen dreg statsministrane på tur på Isfjorden med
sysselmannskuta M/S "Nordsyssel". Ein pressepool med 4 personar
(NTB (1), Scanpix (1), Svalbardposten (1) og fjernsyn (1)) følgjer
med.
Om kvelden kjem statsministrane attende til Longyearbyen.
Tysdag 20. juni:
Om morgonen reiser statsministrane på gjesting til
Ny-Ålesund, for å sjå Marinlaboratoriet og verte orientert om det
internasjonale forskningsarbeidet som gjeng føre seg der. Påmelde
pressefolk følgjer gjestinga.
Om ettermiddagen reiser statsminstrane attende til
Longyearbyen for heimreise.