Frå statsministerens program veke 26
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 25.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 88-06
Dato: 23.06.06
Frå statsministerens program veke 26
Priv. til red.:
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 26. juni:
Kl. 11.00 har statsministeren avsluttande pressekonferanse
føre sommarferien, i Sjøbua på Skjærhalden på Hvaler. Det vert
servering.
Kl. 13.45 kjem statsministeren til Halden, for å markere byggjestart for Halden fengsel.
Kl. 15.00 gjestar statsministeren LO si sommarpatrulje, i gågata i Sarpsborg.
Tysdag 27. juni:
Kl. 11.30 opnar statsministeren Den norske
turistforeninga sin turveg Jotunheimstien – som går frå Oslo
sentrum til Gjendesheim. Opninga finn stad i Vaterlandsparken i
Oslo.
Kl. 12.15 gjestar statsministeren det nye sommarskoletilbodet i Oslo, på Sagene skole.
Torsdag 29. juni:
Ved middagstid reiser statsministeren til London, for å leie
eit møte i FN sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er politisk
rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.
Måndag 3. juli:
Denne dagen er statsministeren i Geneve, for å leie
eit møte i FN sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er statssekretær
Anne Odden, telefon 97 70 61 59.
Tysdag 4. juli:
Statsministeren er i Geneve for å leie møte i FN
sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er statssekretær Anne Odden,
telefon 97 70 61 59.