Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 35

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 107-06
Dato: 25.08.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 35

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 25. august:
Kl. 10.30 deltek statsministeren i gravferda for tidlegare statsråd Jon Lilletun, i Kristiansand domkyrkje og på Oddernes kyrkjegard.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Sundag 27. august:
Kl. 11.45 er statsministeren, finansministeren og kommunalministeren tilgjengelege for pressefolk på Statsministerens kontor, i samband med det avsluttande arbeidet med statsbudsjettet for 2007. Kl. 12.00 kan ein fotopool arbeide idet regjeringskonferansen startar same staden.

Tysdag 29. august:
Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene i kongeparet sin gallamiddag i høve statsgjesting frå Bulgaria, på Slottet. For oversyn over president Georgi Parvanov sitt program i Noreg, viser vi til Slottet – www.kongehuset.no.

Onsdag 30. august:
Kl. 10.50 tek statsministeren imot presidenten i Bulgaria, Georgi Parvanov, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved idet møtet tek til. Etter møtet er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Kl. 13.00 er statsministeren vert for ein regjeringslunsj i høve den bulgarske statsgjestinga, på Akershus slott. Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 12.30. Ein pressepool kan arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords – norske deltakarar er ANB, NTB/Scanpix, NRK Fjernsynet eller TV2, Se og Hør.

Torsdag 31. august:
Frå torsdag morgon til fredag ettermiddag 1. september møtest FN sitt høgnivåpanel i Oslo, under leiing av statsminister Jens Stoltenberg, den pakistanske statsministeren Shaukat Aziz og den mosambikanske statsministeren Louisa Diogo. Panelet skal kome med framlegg til korleis FN kan styrke arbeidet i dei fattigaste landa.

Pressekontaktar er statssekretær Anne Odden, telefon 97 70 61 59 og kommunikasjonsrådgjevar Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Møtet vert halde i Gamle Losjen i Oslo.


NB: Pressefolk som ønskjer å dekkje møtet, må innan tysdag 29. august kl. 14.00 søkje akkreditering via Utanriksdepartementet sin presseseksjon: press@mfa.no.

Vi kjem attende med program for møtet.