Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 118-06
Dato: 08.09.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 37

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 13. september:
Kl. 09.00 tek statsministeren imot presidenten i Indonesia, Susilo Bambang Yudhoyono, på Statsministerens kontor. Det er fotohøve utanfor høgblokka. Ein pressepool kan arbeide innandørs idet samtalen startar. Norske deltakarar i poolen er ANB, NTB/Scanpix, NRK og TV2.

Kl. 09.45 har statsministeren sams pressekonferanse med den indonesiske presidenten, på Statsministerens kontor.

Kl. 19.00 er statsministeren vert for ein middag i høve gjestinga frå Indonesia, på Akershus slott. Det er fotohøve i borggarden frå kl. 18.30. Ein pressepool kan arbeide innandørs idet gjestene går til bords. Norske deltakarar i poolen er ANB, NTB/Scanpix, NRK eller TV2, Se og Hør.

For oversyn over programmet for den indonesiske gjestinga, viser vi til eiga melding.

Måndag 18. september:
Statsministeren er i New York 18.-20. september i samband med FNs generalforsamling. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Frå kl. 10.15 leiar statsministeren eit internasjonalt høgnivåmøte om kampen for å redusere barnedødelegheit i verda, i UNICEF House i New York. Arrangørar er den norske regjeringa, UNICEF og det medisinske tidsskriftet Lancet. Sjå eiga pressemelding.