Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 43

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 149-06
Dato: 20.10.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 43

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.


Måndag 23. oktober
:
Kl. 10.00 talar statsministeren på Kunnskapsdepartementet og KS sin barnehagekonferanse, på Radisson SAS Gardermoen Hotel.

Tysdag 24. oktober:
Kl. 09.00 opnar statsministeren Utdanningsdirektoratet sin landskonferanse om grunnopplæringa, på Hotell Arena på Lillestrøm. Deretter gjestar han ungdomar som deltek i noregsmeisterskapen i yrkesfag, på Norges Varemesse på Lillestrøm.
Kl. 13.30 markerar statsministeren FN-dagen med å vere med på Tusenårsmålkampanjen sitt arrangement på Nobels Fredssenter i Oslo. Der han vil få overrekt løfte som born i Noreg har gjeve som sine bidrag til kampen mot fattigdom.

Onsdag 25. oktober:
Kl. 12.00 tek statsministeren imot den svenske statsministeren, Fredrik Reinfeldt, til arbeidslunsj i Regjeringa sin representasjonsbustad Parkvegen 45 i Oslo. Det er fotohøve idet dei to møtest. Om lag kl. 13.30 er dei to statsminstrane tilgjengelege for pressefolk same staden. Sjå eiga melding om statsminister Reinfeldt si gjesting.
Kl. 14.00 tek statsministeren imot presidenten i Det europeiske industriforbundet (UNICE), Ernest-Antoine Seillière, i Parkvegen 45. Det er fotohøve idet dei to møtest.

Måndag 30. oktober:
Om ettermiddagen reiser statsministeren til København, i høve Nordisk Råd sin sesjon. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.
Kl. 19.00 deltek statsministeren i den danske statsministeren sin middag for dei nordiske og baltiske statsministrane, på statsministerbustaden Marienborg utanfor København. For pressedetaljar viser vi til Statsministeriet i København.

Tysdag 31. oktober:
Kl. 08.00 leiar statsministeren det nordiske statsministermøtet i høve Nordisk Råd sin sesjon, i Eigtvedts Pakhus i København. For pressedetaljar viser vi til Statsministeriet i København.
Kl. 09.20 leiar statsministeren eit møte mellom dei nordiske statsministrane og representantar for dei sjølvstyrte områda i Norden, i Eigtvedts Pakhus i København.
Kl. 10.15 har dei nordiske statsministrane og representantane for dei sjølvstyrte områda sams pressekonferanse same staden.
Kl. 11.00 deltek statsministeren i dei nordiske statsminstrane sitt møte med presidiet i Nordisk Råd, i Eigtvedts Pakhus i København.
Kl. 12.00 er statsministeren mellom gjestene i dronning Margrethe II sin lunsj i høve sesjonen i Nordisk Råd, på Christiansborg Slot.
Kl. 14.30 deltek statsministeren i Nordisk Råd sin opningssesjon, i Folketingssalen på Christiansborg Slot.
Om kvelden reiser statsministeren attende til Oslo.