Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 49

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Priv. til red.

Pressemelding

Nr.: 172-06
Dato: 01.12.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 49

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Sundag 3. desember:
Statsministeren er i Berlin og Wismar 3. og 4. desember, for mellom anna å vera med under tenninga av det norske juletreet, møte forbundskanslar Angela Merkel og gjeste eit Aker Yards-verft i Wismar. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Kl. 17.00 deltek statsministeren ved tenninga av Frogn kommune sitt juletre ved Brandenburger Tor i Berlin.

Måndag 4. desember:
Kl. 08.30 møter statsministeren styreformannen i E.On Ruhrgas, Buchard Bergmann, til arbeidsfrukost i Ruhrgas sine lokaler i Berlin.

Kl. 12.00 gjestar statsministeren Riksdagen i Berlin.

Kl. 13.00 møter statsministeren forbundskanslar Angela Merkel til arbeidslunsj, i Kanzleramt i Berlin.

Deretter reiser statsministeren til Wismar.

Kl. 17.00 gjestar statsministeren Aker Yard sitt skipsverft i Wismar saman med forbundsrådspresident Harald Ringstorff, statsminister i delstaten Mecklenburg-Vorpommern.

Etter gjestinga i Wismar reiser statsministeren attende til Oslo.

Torsdag 7. desember:
Første delen av dagen er statsministeren i Kristiansund. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Kl. 09.40 talar statsministeren på Desemberkonferansen i Kristiansund, i Caroline Konferansesenter.

Kl. 12.00 gjestar statsministeren Kristiansund vidaregåande skule, for å møte elevar og lærarar.

Deretter reiser statsministeren attende til Oslo.

Fredag 8. desember:
Denne dagen er statsministeen i Porto i Portugal, i samband med kongress i Party of European Socialists. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Statsministeren reiser attende til Oslo same kvelden.

Sundag 10. desember:
Kl. 12.30 er statsministeren til stades under utdelinga av Nobels fredspris for 2006, i Oslo rådhus.

Kl. 19.00 er statsministeren mellom gjestene under Nobelbanketten, på Grand Hotell i Oslo.

Måndag 11. desember:
Kl. 08.30 tek statsministeren i mot vinnaren av Nobels fredspris 2006, Mohammad Yunus, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.